Reinhaldar - fast stilling
Org.nr.: NO 964968330 MVA Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Askvoll skule har frå 01.08.2020 ledig inntil 60% fast stilling som reinhaldar
Arbeidsoppgåver:
- Dagleg reinhald utført på ettermiddag/kveldstid
- Periodisk reinhald (hovudreingjering og vedlikehald av golv)
- Bruk av reinhaldsmaskiner
Kvalifikasjonar:
- Ønskjeleg med fagbrev innan reinhald, men praksis frå fagfeltet vert også vurdert.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Vi ønskjer oss ein nøyaktig og effektiv person som arbeider sjølvstendig og tek ansvar for at vi har det reint og fint rundt oss.
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Oddgunn Keilegavlen Grane, Tlf: +47 57733302, Mobil +47 97505028, Epost: oddgunn.keilegavlen.grane@askvoll.kommune.no
Om bedriften
Askvoll skule er ein 1-10 skule med om lag 180 elevar og i underkant av 40 tilsette, og ligg i kommunesenteret i Askvoll kommune. Askvoll skule har vore gjennom ei omfattande fornying av bygningsmassen. Skulen deltek i satsinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" og har spesielt fokus på læringsmiljøet.