Finansielle rådgivarar Brattvåg, Harøy
Vi søker engasjerte rådgivarar
Sjølv om vi driv bank, er vi ikkje berre bankfolk. Vi som jobbar i Sparebanken Møre er også frivillige i lag og organisasjonar, ivrige supporterar og lokalpatriotar. Kvar dag treff vi menneske med store draumar og nye idéar. Gjennom å skape møteplassar, nettverk, og å finne gode løysingar vil vi vere ein pådrivar for at kundane skal nå måla sine.
No har du sjansen til å bli ein del av Team Møre. For i Sparebanken Møre får du ikkje berre ein jobb. Du blir ein del av eit team. I Team Møre er vi først og fremst opptatt av å skape gode opplevingar for kundane våre, kvar dag.
Avdeling Brattvåg består av tre kontor; Brattvåg, Harøy og Haramsøy. No søker vi etter engasjerte rådgivarar for privatmarknaden som kan jobbe ved kontoret i Brattvåg og/eller på Harøya.
Det viktigaste for oss er deg, din kompetanse og ditt engasjement! Vi søker deg som gløder for lokalsamfunnet ditt, og som vil gjere ein forskjell. Vi ser etter deg som kjenner deg att i våre verdiar: engasjert, nær og handlekraftig.
Det er også flott om dette er deg:
- Du kommuniserer godt og elskar å treffe nye menneske
- Du er serviceinnstilt, har personleg drivkraft og er glad i å lære
- Du har relevant utdanning eller erfaring
Dersom du blir ein del av Team Møre, og skal vere med å begeistre kundane våre, vil du følge eit obligatorisk utdanningsløp gjennom Møreskolen for å bli autorisert finansiell rådgivar. Du kan lese meir om dette på autorisasjonsordningen.no. Som finansiell rådgivar får du ansvaret for dine eigne kundar, og du får vere med på å skape noko for og saman med kundane våre.
I Sparebanken Møre verdset vi mangfold blant våre tilsette og ser etter medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaringar, eigenskapar og perspektiv. Vi meiner at dette gir enda betre løysingar og opplevingar for kundane våre.
Vi håpar du er inspirert og trigga til å bli ein del av Team Møre! Lurer du på om du er den rette og kan søke? Kontakt oss gjerne for ein uformell prat.
Vi kan tilby deg spanande moglegheiter i Nordvestlandets største bank.
Søk innan 19.09.2021.
Kontaktpersoner:
Norun Sønderland Nustad
Banksjef Brattvåg, Harøy og Haramsøy
950 92 933
Anton Flåen
Personalsjef
995 00 260
Om bedriften
Sparebanken Møre er den største banken på Nordvestlandet med kraft til å dyrke skaparkulturen som er her. Vi gir støtte til små draumar og store visjonar. Vi lagar møteplassar, nettverk og felleskap. Vi skal skape ein forskjell for kundane våre.
Vi har over mange år bygd opp eit stort kompetansemiljø knytt til person- og bedriftsmarknaden, samt aksje-, rente- og valutamarknaden. Saman med Møremegling er vi ein fullservicebank for personar, bedrifter og det offentlege. Vi har ein sterk kredittrating både nasjonalt og internasjonalt.
Nordvestlandet er ein region i utvikling med spanande moglegheiter og utfordringar for både privatpersonar og bedrifter. Vi skal vere pådrivar for lokal skaparglede, slik at vi kan fortsette å vere ein aktiv og engasjert bidragsytar til berekraftig utvikling av regionen vår framover. Med kontor over heile regionen, kjenner vi Nordvestlandet godt. Det er her vi gir tilbake. Det er her vi høyrer til.