Sokneprest i Sunnhordland prosti, Husnes og Holmedal sokn
Vi har ledig stilling som sokneprest i Sunnhordland prosti, med sokna i Kvinnherad som tenestestad. Vi søkjer etter ein person med evne til å kommunisere godt med alle aldersgrupper.
Husnes og Holmedal sokn ligg i Kvinnherad kommune. Kommunen har 13.000 innbyggjarar og soknet har til sammen 5.500 medlemmer. Det er om lag 30 minutt med bil frå Husnes til Rosendal, der mellom anna Rådhuset ligg. Hurtigbåten til Stord brukar om lag 20 minutt og har hyppige avgangar både morgon og ettermiddag.
Kvinnherad kommune har ein flott natur som gjev gode høve til rekreasjon og naturopplevingar både sommar og vinter. Kommunen har eit variert næringsliv, mellom anna med Hydro Husnes og Valen sjukehus. På Husnes finst eit stort butikksenter. Her ligg og Kvinnherad vidaregåande skule, Husnes ungdomsskule og sjukeheimen Husnestunet, der prestane har andaktar.
Husnes og Holmedal sokn har tre kyrkjer. Husnes kyrkje (1874), Valen kyrkje (1978), som er ei arbeidskyrkje, og Holmedal kyrkje (1882). I Husnes kyrkje er det gudsteneste annankvar sundag, og i Valen og Holmedal kyrkjer er det gudsteneste kvar fjerde sundag. I Valen har ein og nokre kveldsgudstenester på kvardagar. Det er i alt 9 sokn og 12 kyrkjer i Kvinnherad. Alle prestane har også einskilde gudstenester i dei andre sokna.
Soknepresten har sete i Husnes og Holmedal sokneråd og har hovudansvar for gudstenester og kyrkjelege handlingar i soknet. Det er eit godt samarbeid mellom tilsette i kyrkja og friviljuge medarbeidarar i kyrkje og bedehus. I soknet er det fleire former for barne- og ungdomsarbeid. Fleire opplysingar er å finna på www.kyrkja-kvinnherad.no. Der finn ein og utdrag frå årsstatistikk.
Det er felles kyrkjekontor på Valen for alle sokna i Kvinnherad kommune. Her er kontor for kyrkjeverje, dei fire sokneprestane i kommunen, kantorar/organistar, trusopplærarar, kontormedarbeidar og nyoppretta stilling for diakon. Felles kyrkjekontor er viktig for å utvikle vidare samarbeidet mellom dei kyrkjeleg tilsette i fellesrådsområdet. Dei tilsette samlast til regelmessige møter. Sokneprestane deler tenestevekene og samarbeider om prestetenesta. Arbeidsfordelinga mellom prestane vil bli drøfta i samband med tilsetjinga.
Prosten leiar prestetenesta i prostiet. Prestane vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging. Alle prestane har prostiet som tenestedistrikt. Sunnhordland prosti er eit beredskapsområde.
Målforma i prostiet er nynorsk.
Opplysningar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane ber om å bli unnatekne offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.
Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest), jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
- Vera medlem i Husnes og Holmedal sokneråd
- Konfirmantarbeid
- Kyrkjelydsbyggjande arbeid
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
- Engasjement og motivasjon for å utvikle kyrkja i soknet
- Evne til å forkynne evangeliet til ulike aldersgrupper
- Evne og vilje til samarbeid
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
- Reiseutgiftar godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsvegleiing (ABV)
- Hjelp til å skaffa bustad viss ynskjeleg
Kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, 996 25 480Svein Arne Theodorsen, Prost i Sunnhordland prosti, 957 50 927
Arbeidsstad
Klubbavikjo 95451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Den norske kirkeReferansenr.:4592322118
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.01.2023