Helgestillingar
Stillingsannonsen er inaktiv.Open omsorg
Open omsorg, 5685 Uggdal
Org. nr: - Stillingsident: 4375656456 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med på å forme, utvikle og yte gode tenester i open omsorg? Me søkjer etter deg som er engasjert, dedikert, og ønskjer å yte trygge og gode tenester med høg fagleg kvalitet for brukarane våre.
I arbeidet vårt får du møte pasientar i alle aldrer og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Me har fokus på å gje brukaren høgare livskvalitet og høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/tiltak.
No søkjer me etter to nye medarbeidarar som kan bli en del av vårt positive team kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Yte bistand og pleie til heimebuande etter planlagde tiltak
- Utføre dagleg omsorg og pleie til pasientane
- Følgje opp planlagde tiltak og målsetjingar for den enkelt pasient
- Utføre særlege oppgåver etter opplæring og skriftlege prosedyrar
- Journalføring og medverke til utarbeiding/endring av pleieplanar
- Bidra til kvalitetsutvikling på arbeidsplassen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleier er ønskjelig
- Student innan relevant studieforløp som helsefagarbeidar, vernepleie, sjukepleie
- Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa eit føremon
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste!
- Førarkort kl. B
- Gode grunnleggjande datakunnskap
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Positiv, fleksibel og løysingsfokusert
- Er strukturert og har god evne til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å takle utfordringar og finne gode løysingar
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med kollegaer
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 13,6 %
- Arbeid i to-delt turnus, kvar 3. helg.
- Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
- Utfordrande, hektisk og lærerik arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
- God opplæring og fokus på fagleg kvalitet.
- Løn etter kommunalt regulativ.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Ein inkluderande arbeidsplass, med gode rutinar for oppfølging og tilgong til bedriftshelseteneste.
Kontaktinformasjon
Birthe Tveit, Einingsleiar open omsorg, birthe.tveit@tysnes.kommune.no
Hildur Heie, Kommunalsjef helse- og sosial, 53 43 70 65, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Open omsorg
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4375656456
Stillingsprosent: 13%
Fast
Startdato: 01.07.2021
Søknadsfrist: 09.05.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Open omsorg
Adresse
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Om stillingen
Antall stillinger
2
Oppstart
1. juli 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 9. mai 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4375656456_Open omsorg_webcruiter
Stillingsnummer: fc2bedc2-1fdf-4599-8ced-9abceb3be52c