Rettleiar NAV Bømlo
Org. nr: - Stillingsident: 4346284518 Presentasjon av stillingen:
NAV Bømlo er eitt av 6 NAV-kontor i region Sunnhordland. Kontoret har 34 tilsette og yter ulike tenester til kommunen sine om lag 12000 innbyggjarar.
Vi har eit ledig vikariat fram til 31.12.21. I vikariatet søkjer vi etter deg som har forståing for NAV sitt samfunnsoppdrag, og som har tru på at alle mennesker har ressursar til å delta i arbeidslivet.
Arbeidsoppgåver
- Bistå arbeidssøkjarar til å komme ut i arbeid
- Kontakt med arbeidsgjevarar om rekrutteringssamarbeid
Arbeidsoppgåver kan bli endra dersom endring av behov.
Kvalifikasjonar
- Min. 3-årig høgare utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
- Det er ønskjeleg med erfaring frå sal, bemanning/rekruttering og rettleiing
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er målretta og strukturert
- Du har gode samhandlingsevner
- Du er tillitvekkande
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du er ein nettverksbyggjar
- Du er ein pådriver og motivator
- Du har god gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Det må påreknast noko reiseverksemd.
Vi tilbyr
- Stillinga er løna i stillingskode 1448 rådgjevar i lønsspenn kr 466 500 - kr 507 400 pr.år
- Fleksibel arbeidstid
- Bedriftshelseteneste
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse. Frå løna blir det trekt 2 %
- Eit levande fagmiljø, i nye og flotte kontorlokaler, med høve til fagleg og personleg utvikling saman med dyktige og trivelege arbeidskollegaer
Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du blir varsla dersom reservasjon ikkje vert teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Haugen, Leiar, 911 25 279, Elisabeth.Haugen@nav.no
Jens Erik Hansen, Avdelingsleiar, 988 40 035, Jens.Erik.Hansen@nav.no
Arbeidsstad
Kulturhusvegen 19
5430 Bremnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAV
Referansenr.:4346284518
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.04.2021
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 14.03.2021
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling