Personleg assistent
Org. nr: - Stillingsident: 4339448394 Presentasjon av stillingen:
Vi søker assistent til ei hyggeleg dame som har behov for bistand og personleg hjelp i kvardagen. Arbeidet vil vere i helger og ved tilkalling, og vi vil tilsette fortløpande. Vi søker deg som ikkje er redd for ei utfordring eller å ta i eit tak. Du vil gå inn i eit team med 4 polsktalande assistentar. Arbeidsstad er brukarens heim, og den som tilsettast kjem tett på brukarens familieliv.
Brukarstyrt personleg assistent (BPA) er ein alternativ måte å organisere ordinære tenester for brukarar som har behov for praktisk bistand og personleg hjelp i kvardagen. BPA yter service og assistanse til brukaren på ein slik måte at den enkelte kan leve det livet ho/han ynskjer.
Arbeidsoppgaver
Brukaren er ei kvinne på 60-åra som bur saman med ektefelle. Ho har behov for assistanse til alle dagliglivets gjeremål: personleg hygiene, forflytning, matlaging, handling, husarbeid, sosiale aktivitetar m.m.
Kvalifikasjoner
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og kunne forstå, snakke og skrive anten norsk, polsk, eller engelsk
- Ynskjeleg med førarkort kl. B
- Fordel med erfaring frå helse/omsorg
- Politiattest av nyare dato) i hht. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Personlige egenskaper
- Du er trygg, sjølvstendig og kunne takle ein ansvarsfull jobb
- Du er positiv, serviceinnstilt og har godt humør
- Du samarbeider godt med andre
- Du er fleksibel
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med givande arbeidsoppgåver og engasjera medarbeidarar
- Løn iht. regulativ
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Søknaden må skrivast på anten norsk eller engelsk. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregas av mangfald. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt. Vitnemål og attestar takast med til eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Solveig Birgitte Kyrvestad, leiar, 91247155
Arbeidssted
Kommunehuset, 1. høgda
4747 Valle
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Valle kommune
Referansenr.:4339448394
Stillingsprosent: 0%
Søknadsfrist: 20.08.2021
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/