Fast 100 % stilling som kontaktlærar
Org. nr: - Stillingsident: 4356636274 Presentasjon av stillingen:
Ytre Arna barneskule er ein barneskule i Arna bydel med 50 tilsette og 260 elevar. Ytre Arna barneskule har velkomstklasse for nyankomne minoritetsspråklege elevar frå 3.-7.trinn som bur i Arna og Åsane. Frå Åsane terminalen eller togstasjonen i Indre Arna er det om lag 10 minutter å køyre til skulen.
Visjonen til skulen er "Lat dei gode kreftene sigra. Trivsel, tryggleik og læring for alle". Visjonen gir retning for arbeidet på skulen. Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderandre miljø for elevar og tilsette er sterkt vektlagt i skulen og på SFO. På Ytre Arna skule ynskjer vi å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for saman å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø.
Skulens leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar som har nært samarbeid og tett oppfylging av alle våre tilsette. Elevane på Ytre Arna skule har nynorsk eller bokmål som hovudmål.
Skulens hovudsatsingsområde er:
- Ny læreplan, tverrfagleg undervisning, dybdelæring
- Olweus program for å hindre mobbing og Forandre med varme, verktøy for godt skulemiljø
- Grunnleggjande ferdigheter
- Bruk av digitale verktøy
Arbeidsoppgaver
Skulen har ledig ein fast stilling som kontaktlærar i 100 % stilling på 4.trinn frå 01.08.2021. Vi ynskjer å rekruttera ein varm og dyktig klasseleiar, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetninga. Vi ynsker at du er ein trygg, varm, kreative og initiativrike lærar. Menn oppfordrast til å søkje.
Kvalifikasjoner
- Godkjend lærarutdanning for undervisning 1.-7.steg
- Undervisningskompetanse i norsk og matematikk
- Utdanning i praktiskestetiske fag vil vera ein fordel
- God digital kompetanse
- God kompetanse i å bruke både nynorsk og bokmål som målform
Personlige egenskaper
- Du er ein trygg,varm og tydeleg læringsleiar
- Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
- Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
- Du er fagleg engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- Du er ansvarsbevisst og strukturert
- Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar som ynskjer utvikling
- Ein spannande kvardag med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Gode velferdsordningar
- IA-bedrift
- Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Bjørg Guro L Pedersen, Rektor
Arbeidssted
5265
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bergen kommune
Referansenr.:4356636274
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2021
Om bedriften
Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.