Dagleg leiar
Stillingsannonsen er inaktiv.HT Bygg Hellesylt
Hellesylt
Vil du ta roret i ei solid hjørnesteinsbedrift sentralt på vakre Sunnmøre?
I snart 30 år har HT Bygg Hellesylt AS (HT Bygg) vore ein viktig og solid arbeidsplass på Hellesylt i Stranda Kommune.
Vi er ei entreprenørbedrift med stoltheit for faget, og klokketru på kvalitet. Her på Hellesylt, i hjartet av verdsarvområdet Geiranger, har vi lagt til rette for ein betre kvardag for folk i regionen vår – vi har bygd bustader, rehabilitert skular og utført store og små prosjekt for private, så vel som det offentlege.
HT Bygg har drive godt i alle år og har god økonomi. Vi har drive med aktiv rekruttering til bransjen vår som godkjent lærlingbedrift for tømrarfaget.
Dei tre gründerane er framleis aktive i selskapet, men meiner tida er moden for å sleppe yngre krefter til ved roret. Verda rundt oss endrar seg, og ei fortsatt positiv utvikling og trygge arbeidsplasser krev nye auge på gamle og velprøvde løysingar.
Vi ser etter deg som er født «digital», brenn for byggfaget, er trygg nok i seg sjølv til å gje andre rom til å vekse og lykkast. Du likar folk; du kjem lett i snakk med andre og har eit godt nettverk og gode relasjonar både privat og profesjonelt. Vi ønsker at du blir med på vårt faglege sterke lag og at du kan vere med å styrke dette.
I tillegg til ein arbeidsplass med godt miljø, dyktige kollegaer og allsidige oppgåver, tilbyr vi konkurransemessige lønningar og spektakulær natur.
Kjenner du deg klar for å ta på deg ei ny utfordring og bidra til den regionale verdiskapinga? Kontakt dagleg leiar Øystein Ljøen, 97041540, om du har spørsmål rundt stillinga.
Søknad sendes innen utgangen av januar.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
HT Bygg Hellesylt
Adresse
Bygda 25, 6218 Hellesylt
Hjemmeside
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
Ikke spesifisert
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Privat
Sist endret: 30. januar 2021
Hentet fra: POLARIS
Referanse: 20907
Stillingsnummer: fbc525bb-01b3-4608-9b74-4523df97cd77