Årets artigaste sommarjobb?
Prosjekt Ung i Nissedal vil i sommar arrangere sommaraktivitet for ungdom åtte fredagskveldar i sommarferien. Dette blir rusfrie utandørsarrangement ulike stader i kommunen, med variert aktivitet. Vi har fått støtte frå Bufdir og Gjensidigestifelsen og vil også samarbeide med frivilligsentralen og frivillige lag og organisasjonar.
Vi søker etter ungdom frå 15 år og oppover for å planlegge, legge til rette og gjennomføre sommaraktiviteten. Her blir det varierte oppgåver der vi håpar at fleire kan bidra enten nokon eller alle kveldane.
Vi søker etter:
- Ungdom frå 15 år og oppover som kan vere med å førebu aktivitetane og legge praktisk til rette i forkant.
- Eldre ungdom / unge vaksne som kan planlegge og leie aktivitetskveldane.
- Unge vaksne med førarkort som kan vere sjåførar til og frå arrangementa.
Vi ynskjer å tilby ungdom med ulike erfaringar arbeid. Ungdom med bustadadresse i Nissedal kommune blir prioritert, men andre er også velkomne til å søkje.
Har du ei spesiell interesse, erfaring eller kompetanse som du tenker kan nyttast inn i dette vil vi gjerne høyre om det. Det kan vere innanfor musikk, idrett, friluftsliv eller andre aktivitetar.
Tilsetjingsvilkår er etter gjeldande lov og løn etter tariffavtale.
Kan du tenke deg å bidra inn i dette vil vi gjerne høyre frå deg.
Send ein e-post til elin.fjalestad@nissedal.kommune.no eller ring Elin tlf. 47 80 50 42 eller Kristin 40 92 08 32.
Søknadsfrist 8.juni.