Psykolog ved allmennpsykiatrisk poliklinikk / FACT
Org. nr: - Stillingsident: 4286314183 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig psykologstilling ved allmennpsykiatrisk poliklinikk og tverrfagleg behandlarteam i FACT Folgefonn DPS på Valen. Folgefonn DPS er ein seksjon i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Folgefonn DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 vaksne innbyggjarar. Poliklinikken på Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med psykologspesialist, psykiater, spesialsjukepleiar, ruskonsulent og fysioterapeut. Stillinga er delt med FACT team som er eit Fleksibelt aktivt oppsøkande team som gjev spesialisthelsetenester i tett samarbeid med kommunehelsetenesta.
Folgefonn DPS har i tillegg Treningspoliklinikk, TSB poliklinikk og døgnpost med 12 døgnplassar på Valen med godkjenning for tvunge psykisk helsevern. Det er gode samarbeidstilhøve med døgnavdeling og ambulant eining med sikte på å tilby eit heilskapleg behandlingstilbod.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av allmennpsykiatriske- , psykose- eller rus lidingar
- Rettleiing av samarbeidande personell i kommunehelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Psykolog med norsk autorisasjon.
- Relevant erfaring og praksis.
- Gode språkferdigheiter i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar som å arbeide sjølvstendig og i team, blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtale mellom NPF og Helse Fonna HF.
- Gode løns- og arbeidsvilkår.
- Vi kan hjelpe til med å skaffe overgangsbustad og evt. flytteutgifter kan dekkast etter gjeldande retningsliner.
- Gode moglegheiter for spesialisering og vidareutdanning, og moglegheit for å delta i forskningsprosjekt.
- Helse Fonna HF legg til rette for heile spesialiseringsløpet.
- Psykologspesialistar har avtalefesta fordjupningspermisjon 4 mnd. pr. 5 år.
Kontaktinformasjon
Dag Gunnar Milje, Poliklinikkleiar og overlege, 53 46 65 90, dag.gunnar.milje@helse-fonna.no
Hege Lægreid Røssland, Seksjonsleiar, 53 46 64 12, hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Folgefonn DPS, Sjukehusvegen 16
5451 Valen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4286314183
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 19.10.2020
Søknadsfrist: 30.09.2020
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og elleve ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.