Ledige faste stillingar: Psykolog/ psykologspesialist i poliklinikk
Me har fått lov til å tilsetje 2 psykologar og 1 psykologspesialist i 100% stilling i poliklinikkken ved BUP Haugesund!! Me har og eit svangerskapsvikariat i eit år fra januar 2023.
Her hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggelege kollegaer. Har du lyst til å vite meir om korleis det er å jobbe hos oss? Klikk deg vidare for meir informasjon om BUP’en vår: https://vimeo.com/775549548
Både nyutdanna og spesialistar er velkomne til å søkja. Er du den rette for oss? Ring gjerne til funksjonsleiar Margrethe eller Marit om du vil vite meir om stillingane.
Velkommen!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i BUP si utvikling via fagnettverket.
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog / spesialistgodkjenning.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i BUP, men nyutdanna psykologer er velkomne til å søkje.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Evne til samarbeid og formidling av kunnskap internt og eksternt.
- Arbeider strukturert og sjølvstendig.
- Kreativ, nytenkjande og fleksibel.
- Personlege eigenskapar blir vektlagde i henhold til eksisterande team.
- Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagt i rekrutteringsprosessen.
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
- Arbeid i tverrfaglege team.
- Kompetanseheving.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kolleger.
- Faggruppemøter i ei stor og engasjert psykologgruppe.
- Lønn etter gjeldande overeinskomst.
- Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.
BUP Haugesund gir
tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for
poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær,
Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).
Vi har poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post.
Døgnpostane har akuttfunksjonar og dekker heile opptaksområdet til Helse Fonna.
Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar/psykologspesialist, 95149783Margrethe Reigstad Aase, Funksjonsleiar/psykologspesialist, 90579569
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850
Arbeidsstad
Vinjesgt.105522 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4586799432
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.01.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.