Integrasjonssenteret søker to dyktige prosjektleiarar!
Org. nr: - Stillingsident: 4186492954 Presentasjon av stillingen:
Vi ser etter engasjerte og motiverande prosjektleiarar med erfaring fra systemutvikling, som evnar å skape samhald og god dialog med alle interessentar i leveransane . Du har forståelse av hvor viktig kvalitet er for våre pasienter og ansatte i helseforetakene, samstundes som du leverar innenfor avtalt tid og kost .
Er du ein dyktig og engasjert person som vil bidra til ei betre og forenkla pasientbehandling? Evner du å jobbe med langtidsperspektiv innan ein bransje som står ovanfor store teknologiske løft, med moglegheit til å forme IT-løysingar for eit helsevesen for framtida?
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet, der det kvar dag vert sendt hundretusentals av meldingar i samband med pasientforløp, både eksternt og internt. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra vorte heilt sentrale i dei kliniske arbeidsprosessane og påtrykket på utveksling av data mellom systema er enormt. Det pågår no ein digital transformasjon av helsevesenet, og behovet for digitalisering aukar eksponensielt.
Prosjekta er mange og endringstakten høg, så Helse Vest IKT har derfor etablert eit integrasjonssenter med overordna ansvar for systemintegrasjonsarbeidet i Helse Vest. Integrasjonssenteret har det heilskaplege koordinerings-, leveranse- og forvaltningsansvaret for integrasjonsløysingar, og er med sine 35 dyktige medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter innan integrasjon i helsesektoren.
Vi søkjer derfor no to dyktige og motiverte prosjektleiarar som kan hjelpe oss på denne reisa!
Som prosjektleiar integrasjon vil du vere ein del av prosjektleiar-teamet i Integrasjonssenteret og leie utvikling og implementering av integrasjonsløysingar for lokale, regionale og nasjonale løysingar, som Vestlandspasienten.no. Hos oss får du ei moglegheit til å utgjere ein forskjell.
Arbeidsstad: Bergen, Haugesund eller Stavanger
Kandidatar vert vurdert etter kvart som dei søkjer
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og følgje opp behovkartlegging, utvikling, test og leveranse av systemintegrasjonsløysingar.
- Koordinere arbeid mellom Integrasjonssenteret og andre interne og eksterne partar.
- Utarbeiding av førespurnader, samt forhandle fram og inngå integrasjonskontraktar med eksterne leverandørar.
- Delta i prosjektleiarteamet, med fokus på kompetansedeling, agil arbeidsmetodikk og arbeidsprosessar.
Kvalifikasjonar
- Fordel med erfaring som teknisk prosjektleiar.
- Evne til å sørgje for ein god dialog med relevante ressursar hjå føretak, leverandør og teknisk personell.
- Evne til å raskt setje seg inn i og forstå forretningssida.
- God kjennskap til agil prosjektmetodikk og sertifisering innanfor Prince2 er ein fordel.
- Bakgrunn eller røynsle med programvareutvikling er ein fordel.
- Relevant praksis/erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Personlege eigenskapar
- Du er ryddig og resultatorientert.
- Du er initiativrik og glad i utfordringar
- Du er målbevisst og er opptatt av kvalitet i leveransane.
- Du har gode relasjonelle eigenskapar, er ein lagspelar og serviceinnstilt.
- Du har evne til å handtere mange ballar i lufta på ein gong.
- Du har god formuleringsevne på norsk, både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg medarbeidartilfredsheit.
- Eit nyskapande og kreativt miljø med endringsvilje basert på smidige metodar.
- Gode høve til fagleg utvikling blant dyktige og motiverte kollegaer.
- Fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som gir deg gode pensjonsrettar.
Kontaktinformasjon
Steinar Aslaksen Hamre, Seksjonsleiar, (+47) 91356369
Arbeidsstad
Jonas Liesvei 65
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4186492954
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.03.2020