Kontaktlærar
Org. nr: - Stillingsident: 4388179656 Presentasjon av stillingen:
Orre skule har ledig eit årsvikariat i 100% frå 1.august. Vi treng deg som har godkjent lærarutdanning (GLU 1-7) og som ønsker å vere med å utvikle ein skule i ein spennande utviklingsprosess fram til å bli ein rein barneskule.
Orre skule er ein 1-10 skule som er på veg til å bli ein barneskule. Vi er for tida om lag 180 elevar. Vi ligg på Pollestad, 4 km frå Bryne sentrum. Skulen ligg landleg til med god adkomst til naturområde og nydelege strender. Vi har ein flott skulegard med ny ballbinge, Tarzanløype og ein gapahuk med grillplass. Skulen blir 100 år i 2022.
Vi har ei engasjert foreldregruppe med eit velfungerande FAU og Driftsstyre. Vi har og eit elevråd med engasjerte elevar. Elevrådet er aktivt med i gjennomføring og oppfølging av elevundersøkinga, og dei er stolte arrangørar av Orre talentar kvar haust.
Skulen sine satsingsområde er Trygt og godt skulemiljø og Lesing. Vi er ein PALS-skule der vi legg vekt på ein positiv samhandling og eit støttande læringsmiljø.
I skulen sin pedagogiske plattform står sosial kompetanse, grunnleggjande ferdigheiter og bruk av nærmiljøet sentralt.
Alle elevar og vaksne nyttar læringsbrett i sitt daglege arbeid.
Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal. Orre skule er i leiarnettverk med Tu, Hognestad, Varhaug og Bryne skule.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktlærar
- Undervisning i faga i klassen
- Uteskule
- Teamsamarbeid
- Tilpassa opplæring
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning
- Ønskeleg med GLU 1-7, men andre søkarar vil også bli vurdert. Det er ei føresetnad at ein har erfaring frå begynnaropplæringa og kontaktlærarrolla på småskuletrinnet viss andre enn GLU 1-7 skal bli vurdert til stillinga
- Undervisningserfaring frå 1-7.trinn
- Kunnskap om begynnaropplæringa
- Utviklingsorientert
- God relasjonskompetanse
- God digital kompetanse
- Kunnskap om ny lærarplan
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt
Personlege eigenskapar
- God klasseleiing
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne og lyst til å skapa gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette
- Eit inkluderande elevsyn
- Evne til å arbeide strukturert og målretta
- Positiv, fleksibel og open for nytenking
- Godt humør
- Strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Kontaktlærarstilling i årsvikariat
- Eit godt arbeidsmiljø i lag med dyktige kollegaer
- Stillingskode/lønn etter gjeldande tariff og kvalifiksjonar
Kontaktinformasjon
Stine Karen Kjellås, Rektor, 97664533, stine.karen.kjellas@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Roslandsvegen 366
4343 Orre
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kommune
Referansenr.:4388179656
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 18.05.2021