Seksjonsleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Medisinsk poliklinikk og hudpoliklinikk Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund sjukehus, 6508 Kristiansund N
Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer ny seksjonsleiar ved medisinsk poliklinikk og hudpoliklinikk Kristiansund sjukehus.
Vi søkjer etter ein nytenkande og løysningsorientert leiar, og som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du er engasjert, opptatt av leiarskap, tar ansvar og samarbeider godt både internt og eksternt. Du har eit ønskje om å kunne bidra til utvikling av pasienten si helseteneste. Du vil få gleda av å leie engasjerte, fagleg oppdaterte og kompetente medarbeidarar. Vi arbeider for kontinuerleg høg fagleg kvalitet og pasienttryggleik i eit triveleg miljø. For å lukkast med dette, må vi tenkje nytt og ta i bruk andre måtar å arbeide på. Du vil vere ein viktig pådrivar for at vi skal lukkast med å imøtekome fremtidas krav.
Seksjonen er ein del av det framtidige SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal). Det vil fortsatt vere høg aktivitet ved medisinsk poliklinikk og hudpoliklinikk når nytt akuttsjukehus står ferdig i 2025.
Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at avdelinga sine ressurser blir forvalta til det beste for pasientane våre, saman med mange dyktige kollegaer. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjef i avdeling for kirurgi Kristiansund.
Byen vår! Kristiansund er perla på Nordmøre med naturskjønn plassering ut mot havet. Den hyggjelege småbyen har eit intimt bysentrum og byr på eit variert utval kaféar og spisestadar. Byen si plassering byr på eit unikt friluftsliv. Havet tilbyr båtliv, seilsport og fiske, og dei næraste fjella gir flotte mogelegheiter for fotturar, klatring og skikøyring. Kristiansund har eit rikt kulturtilbod med Noregs største distriktsopera, fleire musikkfestivalar, fotofestival og eit nytt kulturbygg kor det jamleg vert arrangert konsertar og andre kulturarrangement. Kristiansund har òg bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen med mogelegheit for vidare flybytte. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Arbeidsoppgåver
- Fag, personal- og resultatansvar
- Ansvar for kompetansekartlegging og rett fagleg utvikling av dei tilsette
- Ansvar for god ressursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen
- Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategier
- Aktiv deltakelse i leiargruppa i avdelinga
- Aktiv deltakelse i utvikling av pasientforløpet
Kvalifikasjonar
- Relevant leiarutdanning og/ eller -erfaring er ein fordel
- Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar
- Det er ønskjeleg med relevant klinisk erfaring frå fagområdet
- Gode datakunnskapar
- Må mestre norsk språk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er analytisk og strategisk
- Du er nytenkjande, framtidsretta og løysningsorientert
- Du er engasjert og trivast med å gjere andre gode
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
- Du er opptatt av involvering og får folk med deg
- Du er ein kulturbyggjar som er opptatt av å få til ein felles kultur
- Du er en utviklingsorientert leiar med gode kommunikasjonsevner
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Monicha Strand Isaksen, Avdelingssjef, 71 12 00 00, Monicha.Strand.Isaksen@helse-mr.noArbeidsstad
Kristiansund sjukehus6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4549718853
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2023
Søknadsfrist: 06.10.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Medisinsk poliklinikk og hudpoliklinikk Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Hjemmeside
www.helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Antall stillinger
1
Oppstart
1. januar 2023
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 7. oktober 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 5592a7581db64c57a763cfd703cb4bcc
Stillingsnummer: fb586327-6c79-4af4-afe2-71a27a8b8f45