Sjukepleiar eller vernepleiar.100% fast stilling ved AFR Tertnes
Org. nr: - Stillingsident: 4330155969 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for Rusmedisin, AFR Tertnes har ledig fast stilling i 100% som sjukepleiar eller vernepleiar. Som tilsett ved Seksjon Tertnes er du ein del av det tverrfaglege teamet rundt pasienten. For å oppretthalde samasettinga av personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.
Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har, og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er ein del av Avdeling for rusmedisin og blei etablert som ein ny del av tilbodet våren 2011.
Seksjon Tertnes består av 3 sengepostar og eit ambulant team knytt til ei av sengepostane. Sengepost 1 har 6 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Målsetjinga med opphaldet er avrusing, stabilisering og motivering og tilretteleggjing for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår. Sengepost 2 har 7 sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Familieambulatoriet, er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengighetsproblematikk. Familieambulatoriet driv ambulant oppfølging av desse familiane fram til barnet når skulealder. Tilknytta Familieambulatoriet har vi sengepost 3 med 2 sengeplassar, derav 1 brukarstyrt seng.
Arbeidsoppgåver
- Avrusing og stabilisering
- Medisinering
- Abstinensbehandling
- Motivasjonsarbeid for å skape endring
- Tverretatleg samarbeid for å betre pasientens livssituajon
Kartlegging og tiltak:
- Kartlegging av sosialt nettverk, arbeid, skole og anna
- Kartlegging av rusmiddelbruk
- Kartlegging av somatisk og psykisk helse
- Vurdering av andre tilbod og behandling
- Koordinering av tiltak saman med aktuelle samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Førarkort klasse B
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du må ha;
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
- evne til å sjå pasientane sine behov
- positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
- respekt for kvar enkelt pasient
- erfaring med pasientgruppen er ønskjeleg
- det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Kristian Toppe Aarlie, Teamleiar, 94811819
Arbeidsstad
Tertnesveien 35d
5113 Tertnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4330155969
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.01.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.