Vikariat som rektor for vaksenopplæringa
Org. nr: 971362030 Stillingsident: 4243105056 Presentasjon av stillingen:
Ved KURS KF Vaksenopplæringa er det ledig eit vikariat som rektor i perioden 1.7.2020-1.7.2021.
Vaksenopplæringa er ei avdeling under paraplyen KURS KF. Vi tilbyr norskopplæring, asylnorsk og grunnskule for vaksne og ungdom, sistnemde i samarbeid med Flora vidaregåande skule. VO har om lag 80 elevar og 11 lærarar, og held til i Florø Idrettssenter. Vi har også ei avdeling i Måløy med fire lærarar.
Som rektor er du med i leiargruppa ved KURS KF, saman med dagleg leiar ved KURS KF, inspektørar ved VO, leiar for introduksjonsavdelinga, leiar for FoU-avdelinga og leiar for asylmottaket. Alle avdelingane ved KURS KF jobbar etter ein strategi utarbeidd for å sko oss for ei uoversiktleg framtid, med stadig aukande krav til kvalitet og faglegheit, jf. framlegg til ny lov om introduksjonsordning.
Vi har ei elevgruppe som krev ei heilskapleg oppfølging frå kvalifiserte og engasjerte tilsette. Det betyr at du som leiar må ta ansvar for og legge til rette for denne oppfølginga, både knytt til elevar og tilsette. Vår visjon er at KURS KF skal vere ein god plass å vere uansett bakgrunn, og det skal vere ein trygg plass for læring. Inkludering, respekt og individuell fridom står høgt
Arbeidsoppgåver
- administrativ leiing av skolen, som økonomisk planlegging, budsjettansvar, resultatoppfølging, HMS og personalleiing.
- syte føre og legge til rette for tett og godt samarbeid med dei andre avdelingane ved KURS KF.
- utvikle eit sterkt og stabilt fagmiljø med utviklingsmuligheiter for den enkelte tilsette.
- leie og gjennomføre endrings- og utviklingsprosessar.
- sikre god internkontroll i verksemda
- rapportere til DL
Kvalifikasjonar
Vi søker ein rektor som har relevant pedagogisk utdanning og formell leiarutdanning.
Vi ønsker og at du:
- har undervisningserfaring og leiarerfaring frå grunnskule, fleirspråklege elevar og vaksne.
- har grunnleggande kjennskap til spesialpedagogikk og samanhengar mellom læring og traumer.
- er ein tydelig pedagogisk leiar med klare tankar om kva som skapar den gode skolen og kan omsetje dette i praksis.
- har god kjennskap til flyktningpolitikk, forvaltning, og korleis introduksjonslova styrer opplæringa.
- plasserer elevane si læring i sentrum og har høge ambisjonar for denne, er pådrivar for at alle skal oppleve meistring, meining og motivasjon.
- er utviklingsorientert og oppdatert på nyare skoleforsking knytt til vaksenpedagogikk, translanguaging og alfabetisering.
- har fokus på fleirspråklegheit som ein ressurs.
- har evne til å involvere medarbeidarar i gode utviklingsprosessar.
- har kjennskap til kommunal økonomi og økonomistyring.
Personlege eigenskapar
Du har
- gode leiarevner.
- gode samarbeidsevner og tverrfagleg fokus.
- evne til å bygge relasjonar og kommuniserer godt med medarbeidarar, elevar og programrettleiarar.
- evne til å gje og ta imot rettleiing.
- godt humør
Vi tilbyr
Tilsetting i eitt år på vanlege kommunale vilkår. Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Arild Melvær, Dagleg leiar Kurs KF, 41534964, arild.melvaer@kinn.kommune.no
Arbeidsstad
Prof.Gjelsvikvegen 20
6906 Florø
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kinn kommune
Referansenr.:4243105056
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 05.06.2020
Om bedriften
Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.