LIS3 radiologi
Org. nr: - Stillingsident: 4200559201 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig vikariat som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi ved Radiologisk avdeling, seksjon Førde. Avdelinga har 3 seksjonar: Førde, Lærdal og Eid.
Seksjonen i Førde har CT, MR, ultralyd, konvensjonell røntgen, gjennomlysning/angio og mammografi knytt til BDS (Brystdiagnostisk senter).
LIS inngår i 6- delt vakt med overlege i bakvakt. Arbeidsplan har avspaseringsveke kvar 6. veke.
Føretaket vil tilsetje dei best kvalifiserte søkarane, og har eit mål om langsiktig rekruttering.
Stillinga er ledige frå medio mars.
Arbeidsoppgåver
- Diagnostikk og pasientbehandling
- Generell radiologi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, ynskeleg med godkjend gjennomført turnusteneste (LIS1)
- Stillingane fordrar gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Engasjert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskaper vil verte vektlagde
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Rekrutteringstillegg
- Hjelp med bustad
- Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus
- IA- bedrift (inkluderande arbeidsliv)
Kontaktinformasjon
Børge Stavland, Avdelingssjef, (+47) 578 39 393
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4200559201
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.03.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 29.03.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.