Fagleiar psykisk helseteneste
Org. nr: 961382246 Stillingsident: 4283817199 Presentasjon av stillingen:
Psykisk helseteneste er eit helsetilbod retta mot menneske med utfordrande livssituasjonar; livskriser, psykiske lidingar og konsekvensar av dette hjå den enkelte, deira familie og nettverk. Tilbodet består av samtaler individuelt og i grupper, heimebesøk, informasjon og rettleiing. Det er utstrakt samarbeid med andre tenester, internt og eksternt. Tenesten er samlokalisert med helsesjukepleiartenesta, friskliv, legekontor og fysioterapeut og kommunepsykologen i Øvre Valdres.
Me er på jakt etter ein engasjert medarbeidar, som likar utfordringar. Saman med kollegaer vil du vera med på spennande og varierte oppgåver, utvikle tenesten og kunne fremje folkehelse i form av førebyggjande arbeid. Fagleg utvikling står i fokus.
Arbeidsoppgåver
Du vil ha overordna fagleg ansvar for dagleg drift og fagutvikling av psykisk helseteneste, med mynde til å ta faglege avgjerde, ha ansvar for oppfølging og rettleiing av dei tilsette og bidra med utarbeiding og oppfølging av fagplanar og rutinar for lovpålagt internkontroll.
-
delta i regionalt fagnettverk
-
rettleiing og kompetanseheving innad og mellom tenesteområda i kommunen
-
samarbeid tett med legetenesta og andre faggrupper
-
tverrfagleg samarbeid og deltaking i ansvarsgrupper
-
utforme tiltaks- og behandlingsplanar samt ivareta øvrig dokumentasjonsplikt
-
relasjonsbygging
-
individuelt og gruppebasert endringsarbeid/behandling
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som
-
har autorisasjon som sjukepleiar, annan relevant bachelor innan helse- og velferdsområdet kan bli vurdert.
-
vidareutdanning i rus- og psykisk helsefaglege emner blir vektlagt.
-
Erfaring frå arbeid med personar med alvorlege psykiske lidingar, ofte i kombinasjon med rusavhengighet.
-
rettleiingskompetanse ( utdanning/erfaring)
-
god muntleg og skriftleg framstillingsevne
-
gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein dyktig fagleiar med:
-
Ynskje om å bidra til å vidareutvikle felles kultur og fagmiljø i verksemda
-
Leiarkompetanse: tryggleik og erfaring i fagleiarrolla.
-
Gjennomføringsevne og "stå-på" humør
-
Evne til å bygge gode relasjonar i møtet mellom menneske
-
Stor arbeidskapasitet og fleksibilitet ifht arbeidsoppgåver
-
kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner på tvers av faggrupper
-
sjølvstendig og evne til å skape framdrift åleine, men og ilag med andre
-
må ha stor arbeidskapasitet
-
vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
-
fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
eit godt, triveleg og utfordrande arbeidsmiljø
gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
god pensjonsordning
løn og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Me vektlegg spesielt:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Allsidigheit, kreativitet, motivasjon og engasjement
- Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
Stillinga krev politiattest. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Meir informasjon om stillingen kan du få ved å vende deg til aktuell avdeling.
Sjå meir på www.vangivaldres.no og https://www.youtube.com/watch?v=wZkS7o1mtBU
Kontaktinformasjon
Guro Råheim Kvam, Kommunalsjef Helse - og omsorg, 61369474
Seija Kumpula, Leiar helseavdelinga 2. etasje, 90362507, seija.johanne.kumpula@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5151
2975 Vang i Valdres
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang Kommune
Referansenr.:4283817199
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2020
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.