ID 1970 Badevakter – Eining for kultur
Det er ledig 3 faste deltidsstillingar som badevakt i bassenget i Stord kulturhus, På grunn av samansetjinga av badevaktlaga (ei kvinne og ein mann på kvart lag) er det presisert under, kva stilling som kan søkast på av menn/kvinner.
- 13% - arbeid kvar veke - mann
- 24% - arbeid annakvar veke- mann
- 24% - arbeid annakvar veke- kvinne
Menn kan søke på 13% og 24% stilling både samla og enkeltvis
Arbeids og ansvarsområde
- Badevakt basseng
Kvalifikasjonar
- Hoppa/stupa frå 3. høgd
- Symja direkte 100 meter bryst og 100 meter rygg
- Dukka og henta opp ei livreddingsdokke eller partnar frå 4 meters djup
- Føra i land ein person (20 meter) og direkte gjennomføra hjarte- og lungeredning på
- øvingsdokke
- Undersøkja medvitslaus og medviten person
- Behandla sår og skader
- Søkjar må vera over 18 år
- Glad i å omgåast menneske
- Ha godt humør og vera serviceinnstilt
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
- Det er ei føremon at du har gjennomført årleg livreddingsprøve. Dette vil bli gitt årleg.
Kontaktperson: Herdis Elin Belsvik tlf 53496950 / 97552213
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.