Kontormedarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4382352198 Presentasjon av stillingen:
Me har ledig ei mellombels stilling som kontormedarbeidar i fellestenesta med snarleg tiltreding.
Fellestenesta har oppgåver knytt til sentralbord og er såleis kommunen si fyrstelinje og ansikt utad. Hovudoppgåvene til fellestenesta er å ivareta sentralbord og vidareformidle henvendingar frå publikum. Tysnes kommune arbeidar med å få eit fullelektronisk sentralarkiv og ein del av arbeidsoppgåvene er å sikre at kommunen sitt arkiv er i samsvar med gjeldande regelverk.
Oppgåvene til fellestenesta er komplekse og me ønskjer deg som er oppteken av og kan trivast med utfordringar og varierte arbeidsdagar.
Den ledige stillinga er mellombels for 6 månader, med moglegheiter for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Publikumshandtering gjennom telefon, post og personleg kontakt
- Handsaming av innkommande post
- Publisering og innsyn av postliste på kommune si heimeside
- Arkivering og oppretting av saker i arkivsystem
- Andre oppgåver kan leggast til stilling ut frå søkjar si kompetanse og arbeidsgjevar sitt behov
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i kontor- og administrasjonsfag, eller relevant utdanning
- Relevant erfaring frå liknande arbeidsoppgåver er eit føremon
- Gode IKT-kunnskaper og systemforståing
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skrifleg
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt med gode samarbeidsevner
- Høg grad lojalitet og profesjonalitet
- Ryddig, effektiv og strukturert
- Nøyaktig, systematisk og kvalitetsbevisst
- Ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og kollegaer
- Evne til å arbeide sjølvstendig og handtere mange oppgåver i ein hektisk kvardag
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 100 %
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- Høve til å påverke og utvikle innhaldet i stillinga
- Hyggelege og engasjerte kollegaer
- Løn etter gjeldande regulativ
- Pensjonsordning i KLP
Kontaktinformasjon
Tonje Aakre, Leiar fellestenesta, 92 16 70 16, tonje.aakre@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Tysnes kommune
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4382352198
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 23.05.2021
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.