PP-rådgjevar
PP-kontoret for Sande og Vanylven yter tenester i forhold til brukarar, skular og barnehagar i dei to kommunane. PPT har hovudkontor på Larsnes, og avd.kontor på Fiskå. Kommunane har lagt godt til rette for ei funksjonell PP-teneste. Sande kommune er vertskommune for tenesta.
Frå 1. mai eller så snart det let seg gjere, er det ledig 80% stilling (fast) som PP-rådgjevar ved PP-kontoret for Sande og Vanylven (med eit visst atterhald om organisatoriske endringar).
Vi søkjer etter ein person med:
- Relevant kompetanse innanfor det spesialpedagogiske feltet, helst med erfaring frå barnehage, skule eller PPT.
- Sans for å jobbe utviklingsorientert og systemretta i møte med barnehagar og skular.
- Kreativitet og sans for å jobbe i team i eit sterkt kompetansemiljø.
- Gode personlege eigenskapar.
Arbeidsområde/oppgåver:
- Rettleiing til skular/barnehagar i høve elevar/born med særlege behov
- Systemarbeid
- Sakkunnig vurdering
Vi tilbyr varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og utviklande fagmiljø.
Det krevst politiattest av nyare dato, og søkjar må disponere bil. Løn etter avtale.
For opplysningar, kontakt kontorleiar Margunn Rekdal, tlf. 99419562 eller oppvekstsjef Øystein Johansen, tlf. 99291522.
Fullstendig utlysingstekst, søknadsskjema m.m. – sjå www.sande-mr.kommune.no
Søknadsfrist: 20. mars 2019
Om bedriften
Sande er ein liten kommune med vel 2600 innbyggarar heilt sør i Møre og Romsdal, med eit areal på ca. 91 kvadratkilometer. Kommunen ligg sentralt i regionen søre Sunnmøre, og har kort veg til regionsentra Ulstein og Ørsta/Volda. Kommunen grensar i nord og aust mot Herøy, i sør (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest mot Selje.