Koordinerande sjukepleiar
Høyanger sjukeheim har 3 koordinerande sjukepleiarar og frå medio august har vi ledig 100% fast stilling. Arbeidstid : dagtid med 3.kvar helg.
Funksjon som koordinerande sjukepleiar er å være eit bindeledd mellom avdelinga og leiinga, og arbeidsoppgåver handlar om å sørge for dagleg oppfølging av tenestetilbodet.
Arbeidsoppgåver:
- fokus på at den daglege drifta skal fungere, med utgangspunkt i pasient og tilgjengeleg personalressurs. Innleige av vakter i samarbeid med institusjonsleiar og fordele personalressursen på dei ulike vaktene.
- formidle viktige oppgåver/beskjeder ved vaktskiftet, og sørge for oppfølging frå legevisitt og tiltaksteam. Sette opp dagsplan for arbeidet som skal gjerast, og fordele arbeidsoppgåver til personalet ( arbeidsfordeling, ansvarsvakter, stell, administrere medisinar osv)
- halde oversikt over pasientar: fagleg og behandlingstiltak. Samarbeid med tiltaksteamet, lege, fysikalsk avdeling, sjukehus, pårørande og heimetenesta.
- vere pådrivar for langrapport ein gang i veka med fagleg fokus på pasient og behandlingstiltak. Sørge for oppfølgjing av individuelle planer for den einskilde pasient.
- saman med leiinga undervise og veilede personale på avdelinga, og dermed bidra til å skape eit godt fagmiljø. Vere pådrivar i høve fokus på og rapportering avvik.
Vi ynskjer søkjarar som har:
- sjukepleiarutdanning. Føremon med relevant etter/vidareutdanning.
- erfaring frå liknande arbeid
- god kjennskap til data
- evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
- evne til fleksibilitet og ha gode samarbeidsevner
Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.
Kontaktperson: institusjonsleiar Sonja Myrekrok 992 19 328
Søknadsfrist: 22.06.19
Søknad via vårt søknaddsenter på www.hoyanger.kommune.no. Merk søknad sak 19/516