Skipsfører hurtigbåt Solund
Vidar Hop Skyssbåter AS
Hardbakke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Skipper
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vidar Hop Skyssbåter AS har tradisjonar heilt tilbake til 1971 med drift av hurtigbåt. I dag drifter vi fleire hurtigbåtsamband, fergesamband og turisme frå hovudkontoret vårt i kommunesenteret på Hardbakke i Solund kommune.
Verdiane våre går igjen i heile selskapet og det som kjenneteiknar oss er at vi er tett på, ærlige og kvalitetsbevisste. Vi er eit framtidsretta selskap med svært dyktige medarbeidarar med eit høgt fokus på sikkerhet.
I denne stillinga vil ein få sin arbeidsplass ombord i fleire av våre fartøy i Solund med gode arbeidsforhold i lag med mange gode kollega, og vi kan eventuelt vere behjelpelig med buforhold.
Er du vår neste medarbeidar?Skipsførerører -- Hurtigbåt Solund. Vidar Hop Skyssbåter AS drifter fleire ruter i Solund og har no behov for:
Skipsfører (Minimum D5, Hurtigbåterfaring og ROC)
Kvalifikasjoner:• Gyldig helseattest
• Krise og passasjerhåndtering
• Gyldig sikkerhetskurs
• Hurtigbåtkurs
• Maskinskyndig
Vi tilbyr:• Lønn etter avtale
• Skiftordning to veker på - to veker av
Kontakt:Spørsmål vedrørende stillingen kan rettes til Kennet Johannessen på telefon: 99217066
Søknad sendes til post@vidarhop.no
Søknadsfrist: snarest
Om bedriften
Vidar Hop Skyssbåter AS er ein reiarverksemd som tilbyr skyssbåttenester, passasjerruter, charter, ferje, gods- og opplevingsturar. Selskapet har sitt hovudkontor i Solund kommune med base i Hardbakke, det pulserande kommunesenteret som ligg vakkert til midt i hjarta av havna, omkransa av det majestetiske landskapet.
Familien Hop har sidan 1971 vore engasjert i ambulansebåtverksemd i Solund kommune fram til 2023. I dag er vår fokus ikkje lenger på ambulanse, men på drift av fylkesruter med skyssbåt og ferje.
På 1990-talet starta vi med ulike skule- og bygderuter som operatør for Fjord1 før vi sjølve deltok i anbodskonkurransar innan skyssbåt og ferje, noko som blitt vår hovedvirksomhet i dag. Me driv no sju ulike fylkeskontrakter. I tillegg har etterspurnaden etter charter, opplevingsturar og utleige av fartøy auka dei siste åra, og dette har ført til etablering og oppkjøp av nye selskap innan turisme slik som Glaciertour AS med meir.
Vidar Hop Skyssbåter AS har no ein flåte på 14 båtar som opererer frå Bergen i sør til Brønnøysund i nord, med over 50 tilsette.
I 2023 vart Vidar Hop Skyssbåter AS sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift, noko som gjev oss verktøy til å betre arbeidet vårt med å minske miljøavtrykket.
I tillegg til vår maritime drift, er vi engasjert i eigedom med utleige av
næringseigedom, kontorplassar, leiligheter, båtplassar, lager og hotell. Vi har òg ei sterk forankring i lokalsamfunnet, der vi stadig arbeider med spennande prosjekt og initiativ.
Vidar Hop Skyssbåter skal være ein god stad å være både for tilsette, passasjerer og oppdragsgivere
Sektor
Privat
Nettsted