80% fast stilling for Sjukepleiar v/ Sloghaugvegen 28 - Bukollektiva
Org. nr: - Stillingsident: 4098931594 Presentasjon av stillinga:
Vi har 2 avdelingar for somatisk eldre i Bukollektiva i Langevåg, Sloghaugvegen 28. Likar du å arbeide med denne bebuargruppa er du den rette søkaren for oss. Det bur 8 eldre ved kvar avdeling. Det er nært samarbeid mellom dei to avdelingane. Vi har to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Dei som bur her har behov for døgnkontinuerleg omsorg. Vi nyttar velferdsteknologi i Bukollektiva.
Arbeidsoppgåver
- Målet er å gje eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnadar. Dei eldre har samansett sjukdomsbilete og vi vil at dei skal beholde resursane sine lengst mogleg.
- Arbeidet består i vanlege sjukepleieroppgaver, praktisk hjelp, primærsjukepleie, palliasjon, multidose og samarbeid med lege og pårørande.
Kvalifikasjonar
- Autorisert Sjukepleiar.
- Du må like å arbeide i eit lite miljø.
- Gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
- Datakunnskap er ein føresetnad.
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet
Personlege Eigenskapar
- Forutan faglege kvalifikasjonar vert personlege eigenskapar vektlagt.
- Vi søkjer ein omsorgsfull, initiativrik, fleksibel og påliteleg medarbeidar som samarbeidar godt og har evne til å arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
- Du får delta med å påvirke eigen arbeidsdag.
- Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Løn etter gjeldande tariff.
- Oppgi referansar.
- Politiattest må leggast fram før tilsetting.
Kontaktinformasjon
Oddrun Marie Maseide, Einingsleiar
Solgunn Røsberg, Avdelingsleiar, 70199620, Solgunn.Rosberg@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sula kommune
Ref. nr.:4098931594
Stillingsbrøk: 80%
Fast
Startdato: 01.09.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 05.07.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4098931594&company_id=3070249610&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]