Er du vår nye apotekteknikar i Førde? - Sjukehusapoteka Vest
Org. nr: - Stillingsident: 4063202230 Presentasjon av stillinga:
Helse Førde HF er hovudkunde og apoteket driv og publikumsutsal på Førde Sentralsjukehus. Dei om lag 20 tilsette i Førde er i fordelt på fire avdelingar: publikumsekspedisjon, sjukehusekspedisjon, produksjon og farmasøytisk rådgjevingstenester.
Vi har nå ein ledig fast apotekteknikarstilling. Stillinga plasserast i eininga som passar best med kandidatens erfaring og kompetanse.
Vi søkjer ein engasjert apotekteknikar som ønskjer å bli ein del av Sogn og Fjordanes mest spennande arbeidsplass innan farmasi.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av legemiddel
- Ekspedering av reseptar og rettleiing av kundar
- Varehandtering og logistikkoppgåver
- Gjere klar forsendingar til sjukehus og institusjonar
- Andre arbeidsoppgåver kan tilfalla ved behov
Kvalifikasjonar
- Apotekteknikar med autorisasjon
- Relevant arbeidserfaring er ønskelig, men vi vil gjerne høre frå deg som er nyutdanna også
- Du må meistre norsk, skriftlig og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege Eigenskapar
- Vi ser etter deg som trivast i ein hektisk kvardag, og det forventast at du evnar å vera strukturert og serviceinnstilt. I tillegg ser vi etter ein medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig, vera løysningsorientert og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Det vert gjort ein samla vurdering av eigenskapane til kandidaten, der personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt
Vi tilbyr
- Fast stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Ina Ottesen, Rådgjevar, (+47) 41283497
Marianne Saugestad, Konst. sjukehusapotekar, (+47) 55975344
Arbeidsstad
Førde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sjukehusapoteka Vest
Ref. nr.:4063202230
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 30.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4063202230&company_id=51963&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no