Lærar småtrinnet Ytre Arna skule
Org. nr: - Stillingsident: 4457227423 Presentasjon av stillingen:
Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel med 50 tilsette og 240 elevar. Ytre Arna skule har og velkomstklasse for nyankomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. Skulens visjon er: «Lat dei gode kreftene sigra. Trivsel, tryggleik og læring for alle» Visjonen gjev retning for arbeidet på skulen. Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for saman å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. Skulens leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette. Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.
Skulens hovudsatsingsområde er:
- Ny læreplan, tverrfagleg undervisning
- Forandre med varme, verktøy for godt skulemiljø
- Grunnleggjande ferdigheiter
- Bruk av digitale verktøy.
Arbeidsoppgaver
Skulen har ledig 1 vikariat i 100 % stilling som timelærar på småtrinnet frå 01.02.22-31.07.22. Det kan bli aktuelt med forlenging av vikariatet eller fast stilling frå august 2022. Vi er opptekne av å rekruttera positive medarbeidarar, og legg derfor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetningar. Vi ynsker trygge, varme, kreative og initiativrike lærarar.
- Undervisning i alle fag på småskuletrinna
- Kontaktlæreransvar kan bli aktuelt
- Samarbeid i team på fleire trinn kan bli aktuelt
Kvalifikasjoner
- Godkjend lærarutdanning for undervisning 1.-7.trinn
- God kompetanse i småskulepedagogikk
- God digital komeptanse
Personlige egenskaper
- Du er ein trygg, varm og tydeleg læringsleiar
- Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
- Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
- Du er fagleg engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- Du er ansvarsbevisst og strukturert
- Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spannande kvardag med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar, IA-bedrift
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
Contacts
Bjørg Guro L Pedersen, Rektor
Location
5265
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Bergen kommune
Reference number:4457227423
Percentage of full-time: 100%
Vikariat
Start date: 01.02.2022
End date: 31.07.2022
Application deadline: 30.12.2021
Om bedriften
Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.