Jurist - digitalisering, kontraktsrett og offentlege innkjøp
Stillingsannonsen er inaktiv.Difi
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
Jobbnorge ID: 168654
Er du jurist og har lyst til å jobbe med fornying av offentleg sektor?
Difi har ansvar for utvikling og forvaltning av nasjonale fellestenester i offentleg sektor og er ein viktig bidragsytar for at det offentlege skal levere nye og betre tenester til innbyggarane.
Vi søkjer etter ein engasjert jurist til å jobbe med spanande juridiske oppgåver innan digitalisering, offentlege innkjøp og kontraktsforvaltning. Stillinga gir særs gode moglegheiter til å jobbe med varierte oppgåver i krysning mellom jus og IT. Vi jobbar inn mot nasjonale utviklingsprosjekt og samarbeidar ofte med dei store offentlege etatane og andre samarbeidspartar.
Du er sjølvstendig, utadvendt og proaktiv med interesse for digitalisering og erfaring frå eit eller fleire av fagområda som vi jobbar med. Kompetanse innan IT og jus vil bli særleg vektlagt. Det vert også lagt vekt på motivasjon for å tileigne seg spesialkunnskap innanfor dei fagområda vi jobbar med.
I tillegg til spennande faglege utfordringar, kan vi tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med ein variert arbeidsmarknad og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.
Kvalifikasjoner
Du må ha:
- utdanning som cand.jur/master i rettsvitskap
- relevant erfaring/fordjuping frå eit av fagområda personvern/rettsinformatikk, offentlege innkjøp eller kontraktsforvaltning
- gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi søker deg som
- er fagleg interessert og har stort engasjement
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er strukturert og har gjennomføringsevne
Vi tilbyr deg
- løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 480 600 - kr 778 700 pr. år etter kvalifikasjonar
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- familievenleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
- treningsrom og høve til trening i arbeidstida
Vil du vite mer?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt:
- Seksjonssjef Frode Danielsen tlf. 911 56 063
- Seniorrådgjevar Siri Heggenes tlf. 415 30 981
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Har du utdanning frå utlandet, tilrår vi ei autorisert oversetjing av vitnemåla og godkjenning frå NOKUT.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Difi
Adresse
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
Hjemmeside
Difi er det sentrale fagorganet for modernisering og omstilling av offentleg sektor. Dette skal vi gjere med spisskompetanse innanfor leiing, organisering, kompetanseutvikling, innovasjon, digitalisering, offentlege anskaffingar, ikt og universell utforming.
Vi er om lag 300 tilsette i Oslo og Leikanger, og verdiane våre er raus, modig og på.
Difi er opptatt av mangfald og deltar i inkluderingsdugnaden til regjeringa. Vi vil gjerne ha søknad frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. mai 2019
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 168654_Difi_jobbnorge
Stillingsnummer: fa0b3482-97e3-463b-a49f-c6916f69e8de