Sokneprest i Sunnhordland prosti - Etne sokn
Vi har ledig stilling som sokneprest i Sunnhordland prosti, med Etne sokn som tenestestad. Vi ser etter deg som kan identifisera deg med bispedømet og kyrkjelyden sin visjon: «Saman vil vi ære Den treeinige Gud - ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd».
Etne kommune har to sokn, Etne og Skånevik. Etne sokn dekkjer søre halvdel av kommunen, med kommunesenteret Etne, samt grendene Sørstranda, Litledalen og Frette. Kommunen har nær 4000 innbyggjarar, omlag 2345 av desse er medlem av kyrkja. Etne har vakker og frodig natur, ikkje minst ein fjellheim som kan gje mange flotte opplevingar. I Etne sokn har vi to barnehagar, ein barne- og ungdomsskule og eit handelssentrum.
Soknet har 4 kyrkje som ligg nokså tett i Etne sentrum. Det er også eit bedehuskapell på Frette, med nokre gudstenester kvart år. Her er alt frå steinkyrkje bygd i 1160-åra, til ny hovudkyrkje bygd i 2013.
Den nye kyrkja er eit tenleg rom med omtrent 350 plasser og store moglegheiter. Kyrkja er bygd saman med Enge bedehus slik at ein deler på lokala til felles gagn. Det er nytt kyrkjekontor i underetasjen på bedehuset, der heile staben er samla. I tillegg til sokneprest i Etne og Skånevik, er kyrkja betjent av organist (80%) kyrkjeverje (80%), sekretær (40%), kyrkjelydspedagog (60%), barne- og ungdomsarbeidar (30%), samt kyrkjegardsarbeidar (100%). Det er godt samarbeid i staben.
Oppslutnad om gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre arrangement er god. Den nye kyrkja har bidratt til at kyrkjelyden har "låg terskel og stor høgd under taket".
Kyrkja står sterkt i Etne, samarbeidet med med ulike lag og kulturinstitusjonar i bygda er godt. Mange frivillige medarbeidarar tek del i det kyrkjelege arbeidet. Etne er kjend som ei levande kulturbygd, med mykje aktivitet på det nye kulturbygget "Skakkesenteret".
Prosten i Sunnhordland leiar prestetenesta og samlar jamleg prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging. Alle prestane har prostiet som tenestedistrikt, Sunnhordland prosti er eitt beredskapsområde.
Skriftspråket er nynorsk.
Opplysingar kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om å bli unnateken offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- gudstenester og kyrkjelege handlingar
- kyrkjelydsbyggjande arbeid
- jamlege andakter på to institusjonar i bygda
- medlem i Etne sokneråd og Etne kyrkjelege Fellesråd
- ansvarleg for konfirmantopplegget i samarbeid med soknepresten i Skånevik
- beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- cand.theol. med praktikum eller tilsvarende/master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
- engasjement og motivasjon for barne- og ungdomsarbeid
- gode evner til å forkynne evangeliet til ulike aldersgrupper
- evne og vilje til samarbeid
Vi tilbyr
- stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- pensjonsinnskott i Statens pensjonskasse
- reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
- arbeidsvegleiing (ABV)
- hjelp til å skaffa bustad viss ynskjeleg
Kontaktinformasjon
Svein Arne Theodorsen, prost i Sunnhordland prosti, 957 50 927Cathrine Waaler Halstensen, personalsjef, 996 25 480
Arbeidsstad
Enge 55590 Etne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Den norske kirkeReferansenr.:4542577847
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.09.2022