Kulturskulelærar gitar, fast deltid
Stillingsannonsen er inaktiv.Kulturskulen, Time kommune
Ola Barkveds veg 16, 4340 Bryne
Org. nr: - Stillingsident: 4382778730 Presentasjon av stillingen:
Time kulturskule skal tilsette gitarlærar i 20 % fast stilling. Me søker deg som vil å vera del av lærarkollegiet i ein framtidsretta, attraktiv, aktiv og kreativ kulturskule.
Time kulturskule har i dag 21 tilsette og om lag 650 aktive elevplassar.
Skulen har eit allsidig undervisningstilbod innan dei 5 fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving.
I tillegg har kulturskulen fagleg- og tilsettingsansvar for dirigentar og instruktørar i skulekorpsa.
Kulturskulen sin base ligg sentralt i nærleiken av Bryne sentrum/Bryne stasjon. Me har samlokalisering med Bryne skule om undervisningsrom og aula, og hovudvekta av den faste undervisninga skjer her. Det er i tillegg tilbod om noko desentralisert undervisning ute på krinsskulane i kommunen.
Me har samarbeid med lokalt kulturliv, med grunnskule og barnehage og med kulturskulane i nabokommunane. Det er ei målsetting å vera synleg i lokalsamfunnet og elevane skal læra, utøva og oppleva gjennom dei estetiske faga.
Time kulturskule arbeider etter Rammeplan for kulturskulen - mangfald og fordjuping, lokale fagplanar og eigne nedfelte verdiar "kunstnarisk kompetanse og kreativitet, engasjement, samarbeid, trivsel og respekt, ansvar". Kulturskulen har tidlegare hatt status som demonstrasjonskulturskule.
Arbeidsoppgåver
Gitarlæraren skal vera del av Time kulturskule sitt lærarkollegie og faglege fellesskap. Me ønsker at du som gitarlærar behersker både klassisk tradisjon og rytmisk musikkgenre og at du kan undervisa elevar i ulik alder og på ulikt nivå, frå nybegynnarar til vidarekomne ungdommar.
Undervinsinga skjer enkeltvis og/eller i gruppe. Du må vera fleksibel til å kunna ha supplerande undervisningsopplegg med band- og/eller gitarensemble.
Lærarsillinga inngår i kollegasamarbeid via kulturskulen sin gitarseksjon og samarbeidar i tillegg inn mot rytmisk/bandseksjon. Undervisninga skal vera i samsvar med Rammeplan for kulturskolen - Mangfold og fordypning og lokale fagplanar.
Kvalifikasjonar
Det er ønskeleg med musikkutdanning hovudinstrument gitar samt pedagogikk/metodikk frå høgskule/universitet på bacheleor - eller masternivå. Erfaring frå undervisning i kulturskule vert vektlagd.
Personlege eigenskapar
Me søker deg som med fagleg dyktigheit har evne til å sjå den enkelte elev og legga til rette for læring og meistring. Du må ha gode samarbeidsevner, vera samhandlande og samtidig ha teft for sjølvstendige arbeidsoppgåver og initiativtaking. Me søker deg som er positiv og deltagande og som våger å koma med eigne innspel til utvikling.
Me tilbyr
Time kulturskule tilbyr eit godt og levande arbeidsmiljø. Dei tilsette er opptekne av å finna gode løysingar og å gjera kvarandre gode.
Me har stor aktivitet med prosjekt, opptredenar og utadretta verksemd for elevar og lærarar. Kulturskulekvardagen inneber variasjon og allsidig arbeidsinnhald.
Lønn etter gjeldande tariff for kulturskulelærarar. Gode pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Guri Årsvoll, Rektor, 51 77 64 10 / 473 01 209, guri.arsvoll@time.kommune.no
Arbeidssted
Ola Barkveds veg 16
4340 Bryne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time kommune
Referansenr.:4382778730
Stillingsprosent: 20%
Startdato: 01.08.2021
Søknadsfrist: 09.05.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kulturskulen, Time kommune
Adresse
Ola Barkveds veg 16, 4340 Bryne
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 9. mai 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4382778730_Kulturskulen, Time kommune_webcruiter
Stillingsnummer: f9ee1f70-a266-4e81-948d-7682ec4f9011