Sjukepleiar/nyresjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4100982028 Presentasjon av stillingen:
Vi har ved dialyseseksjonen på Ålesund sjukehus ledig prosjektstillingar i 80 % som sjukepleiar/nyresjukepleiar.
Interne omrokkeringar kan gi andre ledige stillingar.
Dialysen i Ålesund behandlar pasientar med kronisk og akutt nyresjukdom. Vi har eit sterkt fagleg miljø med pasienten i fokus. I tilknytning til vår avdeling har vi Peritonealdialyseeining, nyrepoliklinikk, nyreskule og oppfølging av transplanterte pasientar. Vi er ei dagavdeling som for tida er i drift 6 dagar i veka, frå mandag til og med laurdag. I tillegg har vi akuttberedskap med telefonvakt i turnus.
Kvalifikasjonar
- Vidareutdanning innan nyresjukdommar ein fordel
- Sykepleiere med dialyseerfaring vil bli prioritert
Personlege eigenskapar
- Godt humør
- Ha gode samarbeidsevner
- Svært god kommunikasjonsevne
- Fleksibel og resultatorientert
- Fagleg sterk og teknisk anlagt
- Gode datakunnskapar
Vi tilbyr
- Gunstig turnus
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Løn og tilsettingsvilkår etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring,gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Lise Grytten Blindheim, Seksjonsleiar, 70106320/70106314, Lise.Grytten@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4100982028
Stillingsprosent: 80%
Startdato: 01.09.2019
Sluttdato: 31.08.2020
Søknadsfrist: 08.07.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal