Jordmor
Org. nr: - Stillingsident: 4093639092 Presentasjon av stillingen:
Føde, barsel, gyn.seksjon ved Volda Sjukehus er ei kombinert avdeling med svangerskapspoliklinikk, føde/barsel og gynekologi.
Dei siste åra har vi hatt om lag 500 fødslar i året.
Seksjonen har 13,75 jordmorhjemlar, 5,75 barnepleiarhjemlar og to sekretærar.
Vi samarbeider tett med gynekologane og har døgnberedskap for akutt sectio.
Seksjonen kan vise til gode tilbakemeldingar på arbeidsmiljøundersøkingar, gode kvalitetstal og høg score på brukarundersøkingar.
Seksjonen har ledig 2 vikariat for jordmor. Begge vikariata er i 75% stilling. Eit vikariat med oppstart frå snarast og i ca eitt år. Det andre med oppstart 19.08.2019 og i ca eitt år.
Kvalifikasjonar
Formell kompetanse
Norsk autorisasjon som jordmor
Personlege eigenskapar
Vi søker etter dyktige, pasientorienterte, initiativrike personar som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø i avdelinga.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande overeinskomst
Vi har eit stabilt og høgt kvalifisert fagmiljø
Eit godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Gunvor Bergem Lia, Seksjonsleiar, 92231574
Arbeidsstad
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4093639092
Stillingsprosent: 75%
Søknadsfrist: 19.06.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal