Vaktmeister på Osterøy Museum
Jobbnorge ID: 190119
Vaktmeister/hjelpearbeidar
Osterøy Museum søkjer vaktmeister/hjelpearbeidar i mellombels stilling på 30%, med varigheit ut året. Du skal bistå vaktmeister i dagleg tilsyn og drift av bygg og anlegg museet har ansvar for, gjennomføring av sikringstiltak, og vedlikehald av bygg og anlegg. Det kan òg vere oppgåver knytt til andre forefallende oppgåver, og førebuing og gjennomføring av arrangement og utstillingar på Osterøy museum.
Søk innan 10. august. Det er ønskjeleg med snarleg oppstart, seinast i byrjinga av september.
Som vaktmeister/hjelpearbeidar har du evne til å rette deg etter tildelte arbeidsoppgåver, og du trivst med å arbeide i team. men du evner òg å arbeide sjølvstendig når oppgåvene har ein slik karakter. Det forventast at du er fleksibel i høve til nye/forfallande oppgåver. Du likar folk, og har godt humør i din omgang med kollegaer og besøkjande til museet.
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har erfaring som med arbeid som vaktmeister/ bygningsarbeidar/ handverkar. Du har sertifikat, då ein del lokal reiseverksemd ligg til stillinga.
Det er eit føremon om du har utdanning innan handverk/bygg, og har erfaring frå brannvern/sikringsarbeid.
Arbeidsspråk er norsk. Det er eit føremon om du beherskar engelsk.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein spennande jobb på eit unikt museum, med godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver.
- Lønn i høve til kompetanse og erfaring, etter tariffavtale
Våre verdiar er likeverd, openheit, kompetanse og engasjement, og vi søkjar deg som kan identifisere deg med desse verdiane.
Spørsmål om stillingen
Dersom du har spørsmål ta kontakt med:
Solveig Jordal, avdelingsleiar Osterøy museum: 94172250 - solveig.jordal@muho.no
Lene Sollesnes Holum, Personalleiar: 99242207 - lene.sollesnes.holum@muho.no
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
MUHO er eit natur- og kulturarvsmuseum, eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og kompetansemiljø for bevaring.
MUHO er lokalisert i tre kommunar, Bergen, Alver og Osterøy, og har seks avdelingar; Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene, Havrå, Osterøy museum, Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter.
Osterøy Museum er eit av dei eldste folkemusea, med store kulturhistoriske samlingar som fortel om livet på strilelandet. I dag har museet særleg fokus på handverk og småindustri og kunnskapsarven knytt til bruk av ull og oppstadvev, bygningshandverk og treskoproduksjon. Osterøy museum feirar 100 års jubileum i 2020.