Spennande jobb for sjukepleiar/vernepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4240343627 Presentasjon av stillingen:
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Lokal sikkerheitspost har no ledig 80% vikariat i todelt turnus for sjukepleiar/vernepleiar med jobb pt. kvar 3. helg.
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fire seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.
Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.
Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie/miljøterapi til pasientar som treng behandling og rehabilitering
- Du deltar i miljøbehandlinga i eit tema beståande av psykolog, psykiater, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar og ergoterapeut
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
- Vurdere og lage handteringsplanar ifht valdsrisiko
- Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar gjerne med vidareutdanning innan: rus og psykiatri, SEPREP eller psykisk helsearbeid
- Må ha erfaring frå psykisk helsevern eller rus
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
Personlege eigenskapar
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- 15 000 kroner pr år i særtillegg
- Du vil få grundig opplæring
- Du får kompetanseutvikling i form av fagdagar og kurs
- Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med moglegheit for trening kvar veke
- Moglegheit for å vere med å implementere Recovery orientert praksis
- Opplæring i risikovurdering og risikovurderingsinstrumentet HCR-20
- Dette er ein stilling som gjev både fagleg og personleg utvikling
- Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Moglegheit for vidareutdanning i valdsrisikovurdering og valdsrisikohandtering (VIVO)
Kontaktinformasjon
Synne Gripsrud, Konstituert seksjonsleiar, 55958347, synne.gripsrud@helse-bergen.no
Britt Sissel Frøyen, Ass. seksjonsleiar, 55958338
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4240343627
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 17.08.2020
Sluttdato: 22.08.2021
Søknadsfrist: 14.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.