Project Controller
Ulstein Group sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. For å oppnå dette er kontinuerleg fokus på innovasjon, opparbeiding av ekspertise, utvikling og vedlikehald av rett kvalitet i alt vi driv med – i alle delar av organisasjonen – avgjerande.
Økonomifunksjonen vår spelar ei sentral rolle i denne utviklinga gjennom dei tenestene Ulstein Group utfører for selskapa i Ulstein.
Teknologisk endring og nye arbeidsmåtar har allereie endra fagområdet mykje. Dette vil fortsette å prege kvardagen framover og vi gler oss over dei moglegheitene det skaper og korleis dei kan nyttast til gode for kundane våre.
Vi ønsker å kome i kontakt med deg som har høgare utdanning innan finans, økonomi eller rekneskap med eit ønske om å vere med på å utvikle økonomiområdet i Ulstein vidare. Du er strukturert, framoverlent, nysgjerrig og ser moglegheiter for forbetringar av eksisterande prosessar og rutinar. Du er resultatorientert og trivst med lagarbeid for å nå felles mål.
Vi oppfordrar også nyutdanna til å søke på stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Fag- og systemansvar for metodikk, rutinar og prosessar knytte til prosjektrekneskap i selskapet
- Superbrukar i Microsoft Dynamics 365
- Bistå salsavdelinga med for- og etterkalkylar
- Månadleg oppfølging og analyse av prosjektporteføljen
- Utarbeide og oppdatere likviditetsprognosar
- Bistå økonomisjef og prosjektleiinga med andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- 3-5 års høgskule-/universitetsutdanning innan finans/økonomi eller rekneskap
- Erfaring med prosjektregnskap og prosjektstyring
- God systemforståing og IT-kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner både på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Evne til teambygging og bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Ryddig, strukturert og proaktiv
- Resultatorientert og initiativrik
- Interesse for system- og prosessutvikling
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige vilkår
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons og forsikringsordningar
- Fleksitidsordning
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern
Kontaktinformasjon
Knut L. Barstad, Finance Manager, 99252550Arbeidssted
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4602862497
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.02.2023
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.