Formann for betong- og kaiarbeid
I samband med auka oppdragsmengde søker vi no etter ein formann som kan vere med å utvikle bedrifta og prosjekta våre vidare. Du vil få stor påverkningskraft i arbeidskvardagen.
Den som søker bør ha leiarerfaring frå anleggsbransja og relevant utdanning. Formannen vil få eit ansvar for gjennomføring og ferdigstilling av prosjekt i henhold til prosjektplanar.
Vi har prosjekt i heile Noreg, så reising og ulikt skiftarbeid må påreknast. Den som søkjer må vere glad i å jobbe ute heile året.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige vilkår i ei bedrift med hektiske dagar og spanande prosjekt.
Krav til kompetanse
- Fagbrev innanfor betongfageteller andre relevante arbeidsområder
- Lang erfaring frå betongfaget kan kompensere for fagbrev
- Erfaring frå anleggsbransja og prosjektarbeid
- Førarkort, minimum kl. B
- Må kunne flytande norsk, muntleg og skriftleg
Ønska kompetanse
- Evne til å jobbe systematisk og strukturert
- Utviklingsorientert, handlekraftig og positiv
Personlige egenskaper
- Trivast med arbeid både inne og ute
- Tydeleg, inspirerande og trygg som person
- Fokus på helse, miljø og tryggleik
Om bedriften
A. Våge AS har meir enn 60 års erfaring med anleggsarbeid etter vi starta entreprenørverksemd på 1950-talet. Vi har base i Volda, men prosjekt langs heile kysten av Noreg.
Vi har sidan oppstarten teke på oss arbeid innan heile bygge- og anleggssektoren. I den seinare tid har vi spesialisert oss på kaikonstruksjonar i betong.