Fysioterapeut
Stillingsannonsen er inaktiv.Førebygging og meistring
Sjøholtvegen 88, 6240 Ørskog
Org. nr: - Stillingsident: 4238669407 Presentasjon av stillingen:
Med utgangspunkt i eit ønskje om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemd Førebygging og meistring. I tillegg til ergo- og fysioterapiteneste inneheld verksemda seniorsenter, dagtilbod for personar med demenssjukdom, geriatri/demensteam, støttekontaktteneste og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt.
Ergo- og fysioterapitenesta har i dag ca 28 årsverk og er organisert i ei eiga avdeling. Tenesta er kommunedekkande med fleire geografiske lokasjonar og er delt i eigne team for barn, vaksne/eldre, kvardagsrehabilitering, tenester i rehabiliteringsavdeling og syn- og hørselskontakt. Tett samarbeid og god dialog innad i dei ulike teama og på tvers mellom dei er ein viktig suksessfaktor for både gode tenester og eiga utvikling som terapeut.
01.01.20 vart nye Ålesund kommune oppretta ved at 5 ulike kommunar vart slått saman til ei storkommune. Dette gjer at du som tilsett får ta del i utviklinga av den nye kommunen sine tenester.
Arbeidsoppgåver
Vår dyktige fysioterapeut i kommunedel Ørskog skal flytte frå Sunnmøre, og vi søker ein ny kollega i inntil 100 % stilling. Stillinga inneber i dag arbeid som kommunefysioterapeut knytt til pasientar i alle aldre og funksjonsnivå, samt hjelpemiddelformidling. I samband med kommunesamanslåinga frå 1.1.20, er struktur eit tema, og det kan vere aktuelt med ei anna fordeling av oppgåver mellom kommunedel Ørskog og Skodje.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Førarkort klasse B.
Det er ein fordel hvis du har erfaring:
- frå kommunehelsetenesten.
- med tverrfagleg samarbeid.
Personlege eigenskapar
- Du er brukarorientert.
- Du er nyskapande, løysingsorientert og framtidsretta.
- Du er trygg og sjølvstendig i eiga fagutøving.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.
- Å vere personleg eigna vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid.
- Ei støttande arbeidsgruppe med godt samhald som gir gode føresetnadar for å å vekse som fysioterapeut. Muligheit for tett samarbeid med andre yrkesgruppe.
- Ei mulegheit til å ta del i uviklinga av tenestene i den nye storkommunen.
- Stor breidde i brukargruppe og arbeidsoppgåver.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Anita Løvoll, Avdelingsleiar, 91743615
Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553
Arbeidsstad
Sjøholtvegen 88
6240 Ørskog
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4238669407
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 07.06.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Førebygging og meistring
Adresse
Øyravegen 11, 6240 Ørskog
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 8. juni 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4238669407_Førebygging og meistring_webcruiter
Stillingsnummer: f9269941-2883-447f-92f8-ee4405afc8a7