Kommunepsykolog Voss, Eidfjord og Ulvik
Vil du vere med på laget i vår nye interkommunale psykologteneste i Voss herad, Eidfjord og Ulvik?
Det er ledig 100% stilling for kommunepsykolog med særleg kompetanse på vaksne og eldre. Tenesteområde: Voss, Eidfjord og Ulvik. Me har tilsett to kommunepsykologar og lyser no etter den tredje. Stillinga vert ledig frå 01. august 2020 / snarast.
Beskrivelse
Voss herad, i samarbeid med Eidfjord kommune og Ulvik herad, vil tilsetje inntil tre kommunepsykologar.
Psykologtenesta skal arbeide heilskapeleg og tverrfagleg i fleire tenester, mellom anna ved å styrke kompetanse og kvalitet på arbeidet innan rus og psykisk helse. Personar i alle aldrar vil dra nytte av arbeidet i tenesta.
Psykologane skal arbeida system- og samfunnsretta gjennom helsefremjande og førebyggande arbeid. Dei skal
arbeide både individuelt, med grupper og for lokalmiljø. Utgreiing, diagnostisering, behandlings- og
oppfylgingsarbeidet til familiar, pårørande og grupper skal vera eit kommunalt lågterskeltilbod. Psykologtenesta skal
samarbeida med aktuelle kommunale tenester og andre fagmiljø i regionen, som til dømes spesialisthelsetenesta og
psykologar i andre kommunar.
Psykologane vil ha Voss herad som vertskommune og det er Voss herad som vil ha utført størst prosentdel av
tenestene.
Utfrå samla kompetanse hjå psykologane, ynskjer me oss no ein psykolog med kompetanse på- og interesse for arbeid med psykiske lidingar hjå vaksne og eldre.
Arbeidsoppgåver
Du vil få vere med å utforme arbeidsoppgåvene utfrå din kompetanse og interesseområde:
- Arbeide på individ-, gruppe- og systemnivå
- Vurdering, kartleggingssamtaler og oppfølging
- Kortvarig behandling av lette- til moderate psykiske lidingar
- Kartleggje behov for behandling og vise til spesialisthelsetenesta ved alvorlege psykiske lidingar
- Bidra i arbeidet med kompetanseutvikling
- Rettleie tilsette
- Samarbeide med andre tenester internt og eksternt
- Pakkeforløp for psykisk helsevern vart innført 01.01.19. Psykologane vil ha ei sentral rolle i implementering og
oppfølging av pasientane i kommunen - Samarbeid med spesialisthelsetenesta i samband med innlegging- og utskriving frå psykisk helse.
- Delta i kommunalt kriseteam
- Arbeidsoppgåvene kan verta endra ut frå verksemda sine behov
- Noko reiseverksemd må påreknast
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend/autorisasjon som psykolog, gjerne psykologspesialist
- Ønskeleg med erfaring frå psykososialt arbeid med vaksne og eldre
- Erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid
- Erfaring med å gje rettleiing
- Kjennskap til utfordringar med arbeidet innan rus/psykisk helse
- Forståing for tidleg intervensjon, førebyggande og helsefremmande arbeid
- Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
Me tilbyr
- Eit godt, aktivt og tverrfaglig fagmiljø basert på samarbeid
- Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver. Medverknad i utvikling av psykologtenesta
- Oppfylgjing og rettleiing av fagpersonell
- Deltaking i fagfellesskap for kommunepsykologar
- Medlemsskap i god pensjons- og forsikringsordning
- Konkurransedyktig lønn
- Mogelegheiter for å ta spesialisering
Anna
- Politiattest av ny dato må framleggast ved tilsetting
- Må ha førarkort, klasse B, då reiseverksemd må påreknast
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.