Vil du vere med i utviklinga av vekstregionen Sunnfjord?
Sunnfjordregionen er i vekst, og vi treng fleire medarbeidarar som kan bidra i spennande utviklingsprosjekt som har stor betydning for næringslivet og regionen som heilskap.
For begge stillingane er arbeidsstad Peak Sunnfjord, eit innovativt klyngemiljø med rundt 20 bedrifter og over 100 tilsette i sentrum sør i Førde.
Forretningsutviklar/prosjektleiar
Liker du å vere med der det skjer og er du ein pådrivar for nyskaping og vekst? Då er du kanskje vår nye forretningsutviklar/ prosjektleiar.
Arbeidsoppgåver:
• Legge til rette for utvikling av nytt og eksisterande næringsliv
• Bidra til å identifisere og evaluere nye forretningsidear
• Identifisere muligheiter, starte opp og leie ulike prosjekt som bidreg til vekst i regionen
• Samarbeide med næringslivet og relevante samfunnsaktørar om utviklingsprosjekt
• Ha oversikt over verkemiddelapparatet og finansieringskjelder for utviklingsprosjekt
• Ha ei rådgjevande rolle i ulike prosjekt og mot enkeltbedrifter
Dette ser vi etter:
• Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
• Relevant arbeidserfaring
• God forretningsforståing
• Erfaring med prosjektleiing/prosjektarbeid
• Ein person som er utadvendt, sjølvgåande og med gode samarbeidsevner
• Ein person som er engasjert og med ynskje om å bidra til vekst i regionen
Rådgjevar
Sunnfjord Utvikling har ansvar for førstelinjetenesta til Sunnfjord kommune. Vi skal hjelpe gründerar i etableringsfasen og legge til rette for ny aktivitet i eksisterande næringsliv. Vi har og forvaltningsansvaret for det kommunale næringsfondet. Vi treng ein rådgjevar som kan ta ansvar for sakshandsaming, etableraroppfølging og rådgjeving, og som kan bidra inn i ulike utviklingsprosjekt.
Arbeidsoppgåver:
• Vere rådgjevar for etablerarar og vekstbedrifter
• Sakshandsaming knytt til kommunalt næringsfond og andre offentlege midlar
• Sekretariatsoppgåver for ulike utval
• Delta i ulike prosjekt relatert til utvikling i regionen
Dette ser vi etter:
• Utdanning innan økonomi, innovasjon/entreprenørskap e.l.
• Gjerne erfaring frå bedriftsrådgjeving og sakshandsaming
• Ein person som er engasjert, strukturert og sjølvstendig
Om bedriften
Sunnfjord Utvikling er nærings- og tiltaksapparatet til Sunnfjord kommune og næringslivet
i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Vi er her for å bidra til utvikling i Sunnfjordregionen, mellom anna gjennom å hjelpe nye etablerarar og leggje til rette for at eksisterande næringsliv kan utvikle seg vidare.