Lærar med norskutdanning ved Ølen skule
Ved Ølen skule er ledig eit lærarvikariat i 70% stilling. Vikariatet er ledig for perioden 12.08.20 til 18.12.20.
Hovudarbeidsoppgåver:
Arbeidet er knytt til ungdomstrinnet på skulen, undervisning i norsk og KRLE. Andre fag kan bli aktuelle.
Kvalifikasjoner:
Godkjent lærarutdanning. Det er ønskeleg med norsk som kompetanse, helst 60 studiepoeng. KRLE er eit ønska fag.
Andre opplysninger:
Ølen skule er ein 1-10 skule med omlag 260 elevar. 50 av desse har minoritetsspråkleg bakgrunn. Ved arbeid i skule skal det leggast fram godkjend politiattest. Det skal også leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil.
Personlege egenskaper:
Må kunne skapa gode relasjonar til elevar, heim og vaksne ved skulen. Arbeida sjølvstendig, i team og kunna legge til rette for einskildelevar og heil klasse. Arbeida saman med kollegaer på skulen for å lage eit godt læringsmiljø for elevane.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningsenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes:
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Ølen skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 260 elevar. Skulen ligg i Ølen sentrum og kan tilby deg jobb i eit engasjert, inkluderande og positivt arbeidsmiljø. Ølen skule arbeidar for god trivsel og for å utvikla eit godt, trygt og systematisk læringsmiljø. Skulen legg vekt på tilpassa opplæring og tidleg innsats. Arbeid med fagfornyinga har fokus i tida framover. Skulen har elevar frå fleire nasjonar, og har fokus på at dei skal vera ein naturleg del av elevflokken. Vindafjord sin velkomstklasse for nye elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn er lagt til Ølen skule.