Ferievikarar
Eining Habilitering, butiltak psykiskutviklingshemma avd Stemhaugen bueining og Åsvegen/Straumøy bueining søkjer ferievikarar. Er du over 18 år, og har lyst på ein ansvarsfull og lærerik sommarjobb? Me treng personar som kan jobbe sjølvstendig, men også samarbeide godt med kollegaer.
Me treng ferievikarar i perioden veke 25-32. Me har moglegheit for å tilby langvakter og har i tillegg medlevarturnus i ein av bustadane. Om dette er noko du ynskjer, skriv det i søknaden din. Ynskjer du å arbeid på dag/kveld, eller er nattevakt best for deg? Ta med i søknaden kva periode du kan arbeid i. Vikariata vil kunne variere i stillingsstørrelse ~ 80 - 100 %. Om du kan ta til i stillinga før veke 25, så er det ein fordel i forhold til god opplæring. Søknadsfristen er 31.03.2023, men tilsetjing skjer fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Brukar bur i eigen leilegheit og har tilbod om gode miljøtenester frå oss. Du fylgjer brukar gjennom dagen og ulike aktiviteter. Brukar kan ha behov for hjelp til personeleg hygiene, matlaging samt reinhald av eigen bustad. Ansvar og arbeidsoppgåver vert tildelt i samsvar med kompetanse og erfaring. Du må kunna ta imot rettleiing, samt like å ta til deg ny og spanade kunnskap.
Kvalifikasjonar
- Helse- og sosial fagleg utdanning
- Relevant arbeidserfaring er ønskjeleg
- Stillingane passar godt til studentar og elevar med helsefaglig bakgrunn, men også andre kan verta vurdert
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du må kunne jobbe både sjølvstendig og saman med kollegaer
- Du må like å ta i eit tak
- Du ser oppgåver som skal gjerast og tar initiativ
- Du liker å være aktiv saman med brukar
- Du er presis og pliktoppfyllande
- Du likar utfordringar, men ber også om hjelp og veileiing når det er naudsamt
Vi tilbyr
- Arbeid som er viktig, utfordrande og variert
- Godt fagmiljø
- Triveleg arbeidsplass
- God opplæring
- Rettleiing og oppfølging på jobben av leiar og kollegaer
Kontaktinformasjon
Camilla Vallestad, Avdelingsleiar Stemhaugen bueining, 98864364, Camilla.Vallestad@sveio.kommune.noPeer Cato Sjursen, Avdelingsleiar Åsvegen /Straumøy bueining, 53748294, Peer.cato.sjursen@sveio.kommune.no
Arbeidsstad
Åsvegen 35550 Sveio
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommuneReferansenr.:4605522560
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 19.06.2023
Sluttdato: 13.08.2023
Søknadsfrist: 31.03.2023