Barne- og ungdomsarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4099056123 Presentasjon av stillingen:
90 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar ved ein av dei kommunale barnehagane i Samnanger kommune.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe barn i å få ein sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samspel, felleskap, leik, utforsking og læring
- Rettleie barn til å ta ansvar for eige liv
- Vera ein god rollemodell for barn
- Planlegge, tilrettelegge og gjennomføre pedagogiske aktivitetar
- Foreldresamarbeid
- Samarbeid, fleksibilitet og samhald er verdiar me set pris på
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar må ha fagbrev i barne- og ungdomsarbeider faget
- Må ha evne til å kunne jobbe sjølvstendig og ha godt samspel med små barn
- Må ha evne til samarbeide med øvrig personale, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
- Ønskeleg med gode IT kunnskapar.
- Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg. Dersom du har et anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikke søkjarar med et skandinavisk språk som morsmål.
Personlege eigenskapar
- Du trivst godt med å arbeide saman med andre
- Du har eit positvit barnesyn der leik og barna sin medverknad er i fokus
- Du har god arbeidskapasitet
- Du likar å arbeide saman med, og kommuniserar godt med ulike menneske
- Du kan jobbe sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver
- Du er aktiv og serviceinnstilt
- Du har fagleg og personleg styrke til å handtere ulike situasjonar
- Personleg egnetheit vert vektlagt
Vi tilbyr
-
Løn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Ved tilsetjing må det framvisast politiattest
-
Det vil vera 6 månadars prøvetid i stillinga
-
Søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Me gjer merksam på opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Kontaktinformasjon
Anne Jorunn Fredriksen, Einingsleiar Barnehage
Arbeidsstad
Reistadliane 39
5652 Årland
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Samnanger kommune
Referansenummer:4099056123
Stillingsprosent: 90%
Startdato: 05.08.2019
Sluttdato: 31.07.2020
Søknadsfrist: 03.07.2019
Om bedriften
Samnanger kommune har ca. 2400 innbyggjarar og ligg midt mellom Bergen og Hardanger. Reisetida til Bergen sentrum er ca. 40 minuttar. Kommunen har 265 tilsette, fordelt på 184 årsverk.
Dei to kommunale barnehagane i Samnanger, Dråpeslottet og Vassloppa, er organisert i ei eiga barnehageeining. I tillegg til drifta av barnehagane har eininga også ansvar for samordna barnehageopptak i kommunen.
Vassloppa barnehage flytta i 2012 inn i store og moderne lokale i det som før var Nordbygda skule. Vassloppa har fem avdelingar, men per i dag er berre fire avdelingar i drift. Barnehage har eigen gymnastikksal og flott turområde.