Ledig avtaleheimel for fastlege
Org. nr: 964 980 365 Stillingsident: 4193740058 Presentasjon av stillingen:
Sykkylven kommune har ledig avtaleheimel for fastlege med snarleg tiltreding. Avtaleheimlen har ei liste på 1000 innbyggjarar som ved oppstart har 600 listepasientar. Sykkylven kommune vil gi inntektsgaranti på inntil 250 listepasientar for å sikre ei inntekt tilsvarande 850 listepasientar frå oppstart. I denne perioden med oppbygging av eiga liste vil det tilkome offentlege arbeidsoppgåver tilsvarande kommunens inntektsgaranti på 250 listepasientar. Desse oppgåvene trappast ned i takt med at lista byggast opp.
Etter legeplanen for Sykkylven kommune skal talet på fastlegeheimlar aukast, og dette er ein nyoppretta legeheimel. Med den nye avtaleheimelen vil Sykkylven kommune ha 7 avtaleheimlar i tillegg til LIS1 lege.
Arbeidsstad
Kontorstad er Sykkylven Legetjenester AS. Dette er for tida eit privat eigd og drive legesenter og dei som får tildelt heimlane må inngå leigekontrakt med Sykkylven Legetjenester AS. Legekontoret vert kommunalt frå 1.7.2021.
Legesenteret er lokalisert sentralt, er godt utstyrt, nyttar WinMed3 journalsystem og er knytt opp mot Norsk Helsenett.
Spesielle krav til stillinga
I samsvar med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn ein - 1 - månad.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad. Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, så ta gjerne kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 65 00. Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp elektronisk som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er knytt til fastlegepraksis, deltaking i legevakt og kan påleggjast offentlege allmennmedisinske oppgåver i samsvar med sentrale føringar i lover, føresegner og sentrale avtalar. Vaktbelastninga for fastlegane er lav, for tida 1-2 vakter pr. månad.
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
- Krav om gjennomført LIS 1 som gir rett til refusjonar frå HELFO
- Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.
- Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner.
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
- Personlege eigenskapar vil verte særleg vektlagt.
- Kommunen vil prioritere søkjarar som har spesialitet i allmennmedisin eller er under spesialisering.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer fastlegar som er tolmodig, empatisk og som har stor respekt for pasientane og deira rettar og behov.
Vi tilbyr
Avtaleheimelen er ledig frå 1.1.2020.
Vilkåra knytt til dette skjer med utgangspunkt i til kvar tid gjeldande sentrale og lokale avtalar (rammeavtalane ASA 4310 og ASA 4301, kommuneavtalen SFS 2305 og den individuelle avtalen som blir inngått med kommunen).
Kontaktinformasjon
Eli Otterlei, kommunalsjef, 93201413, eliotterlei@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Sykkylven Legetjenester AS
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4193740058
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.