Fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i klimaavdelinga
Jobbnorge ID: 167529
Om stillinga
Er du kunnskaps- og utviklingsorientert og ønskjer å jobbe med tilpassing til eit klima i endring? Er du oppteken av ei berekraftig samfunnsutvikling? Taklar du å jobbe med komplekse og samansette saker og kan sjå løysingar på tvers av fagområde, er det kanskje deg vi ser etter. Hos oss får du moglegheit til å bidra i klimaarbeidet, bruke faget ditt i komplekse saker i samarbeid med svært kompetente og engasjerte kollegaer og samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt. Våre medarbeidarar leverer resultat, set arbeidsoppgåvene inn i ein heilskap, sikrar læring og utvikling, og samarbeider godt internt og eksternt.
Klimaavdelinga er ei av Miljødirektoratets sju miljøfagavdelingar. Avdelinga har ansvaret for direktoratet sine oppgåver på klimaområdet. Dette omfattar å gi faglege råd om klimatiltak og verkemiddel, utvikling og rapportering av den norske klimagassrekneskapen, å vere kontaktpunkt for FNs klimapanel, å koordinere arbeidet med klimatilpassing, å forvalte klimakvoteregelverket og regelverket for biodrivstoff, å rettleie kommunane i klimaarbeidet deira og å følgje opp arbeidet med lokal luftkvalitet. Avdelinga har ca. 65 tilsette fordelt på fem seksjonar.
Seksjon for klimatilpassing og lokale klimatiltak (KLK) har 13 medarbeidarar og jobbar med utsleppsreduksjonar og klimatilpassing retta mot kommunal og regional forvalting. Vi støttar departementet med å leggje til rette for regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klimatilpassing og har ansvaret for koordinering av klimatilpassing på statleg nivå.
Seksjonen har medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo. Geografisk plassering av kunngjord stilling er på Brattøra i Trondheim eller Helsfyr i Oslo.
Sentrale arbeidsoppgåver
- delta i koordineringsarbeidet på klimatilpassingsområdet og vidareutvikle det nasjonale klimatilpassingsarbeidet, nok som også inneber kontakt med relevante styresmakter og forskingsmiljø
- ansvar for utgreiingsoppgåver og prosjekt knytte til seksjonen sine ansvarsområde
- rådgjeving spesielt for Klima- og miljødepartementet (KLD)
- rettleie i klimaomsyn mot kommunalt og regionalt nivå
- bidra inn i internasjonalt arbeid
- bidra inn i seksjonen sitt andre klimaarbeid
Det må påreknast ein del reiseverksemd, i hovudsak nasjonalt.
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- du har fullført utdanning på mastergradnivå innan naturvitskap, samfunnsvitskap eller innan andre fagområde relevant for klima- og klimatilpassingsarbeid. Du har gjerne plankompetanse som ein del av fagbakgrunnen din.
- du har erfaring frå sjølvstendig arbeid innanfor relevante fagområde og gjerne frå tverrfaglege miljø. For seniorrådgivar blir minimum forventa 3-5 års relevant arbeidserfaring.
- du har kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing, og gjerne fysisk klimarisiko
- du har gjerne erfaring frå strategisk utviklingsarbeid og koordineringsarbeid
- du har gjerne kunnskap om planlegging etter plan- og bygningslova
- du har gjerne erfaring med utgreiingsarbeid, evalueringsarbeid og arbeid i/mot offentleg forvalting
- du har gjerne erfaring frå arbeid i eller med kommunar, fylkeskommunar eller fylkesmenn
- du skriv og kommuniserer godt på både norsk og engelsk
Eigenskapar
- du har god samfunns- og rolleforståing og er god på å vurdere heilskap og samanhengar
- du har interesse for klima og politiske prosessar på klimaområdet
- du jobbar sjølvstendig og systematisk og har evne til å levere
- du er god til å samarbeide med andre for å få jobben gjort
Vi tilbyr
- fast stilling som rådgivar (1434) med lønn frå kr. 464 800 (ltr. 53) til kr. 576 100 (ltr. 65) eller seniorrådgivar (1364) med lønn frå kr. 524 200 (ltr. 60) til kr. 658 300 (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- gode høve for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Spørsmål om stillinga og korleis du søker
Kontaktpersonar for stillinga er seksjonsleiar Herdis Laupsa, telefon 930 69 271, e-post: herdis.laupsa@miljodir.no. Spørsmål om søknadsprosessen kan også stillast til avdelingskoordinator Helle Myrthel Kvalvik, telefon 405 51 311.
Vi ber deg om å sende søknad med vitnemål og attester elektronisk gjennom Jobbnorge. Merk søknaden 24-2019 KLK.
Søknadsfrist: 03.04.2019
Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.
Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste når søknadsfristen er ute. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarliste, jmf. offentleglova § 25. Dersom unnatak frå offentlegheit ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren ha melding, og gitt moglegheit til å trekkje søknaden sin.
Her er lenke til vår personvernerklæring.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Våre hovudoppgåver er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har i underkant av 700 tilsette ved våre to kontor i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine meir enn 60 lokalkontor.