Barnevernsleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Barn, familie og integrering, avd. Barnevern
Keiser Wilhelmsgate 11, 6002 Ålesund
Org. nr: - Stillingsident: 4087378319 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.
Verksemda omfattar omlag 60 årsverk og er organisert i to geografiske avdelingar, samt ei planlagt interkommunal barnevernvakt der Ålesund kommune er vertskommune. Verksemda er organisert med ein verkesemdsleiar som har overordna ansvar for økonomi, budsjett og personal, og barnevernleiar skal ha ansvar for fagleg utvikling av tenesta, og særleg ansvar og mynde for vedtak etter Lov om barneverntenester. Barnevernleiar rapporterer til verksemdsleiar og skal vere ein del av verksemda sitt leiarteam.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for fagleg utvikling av tenesta, med særleg ansvar og mynde for vedtak etter Lov om barneverntenester.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, minimum bachelor.
- Barnevernfagleg utdanning er eit krav.
- Relevant leiarerfaring.
- Vidareutdanning i leiing er ønskeleg, evt er det ei forventning om at den som blir tilsett i stillinga gjennomfører slik vidareutdanning.
Personlege eigenskapar
- Evne til strukturert, sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid.
- God kjennskap til og forståing for kommune sine oppgåver.
- Løysingsfokus og høg gjennomføringsevne.
- Evne til å bygge nettverk og samarbeid med andre.
- Særleg fokus på førebygging og tideleg innsats.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Vivian Dyb, Kommunalsjef, 900 18 194
Arbeidsstad
Keiser Wilhelmsgate 11
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Nye Ålesund Kommune
Referansenummer:4087378319
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.01.2020
Søknadsfrist: 09.06.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Barn, familie og integrering, avd. Barnevern
Adresse
Moa helsehus, 6018 Ålesund
Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå
- januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. januar 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 10. juni 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4087378319_Barn, familie og integrering, avd. Barnevern_webcruiter
Stillingsnummer: f86d248d-e918-4c81-ab15-a55c535a8917