Er du vår nye bustad og kvarterforvaltar på Evenes/Ramsund?
Org. nr: - Stillingsident: 4177320401 Presentasjon av stillingen:
I eigedomsforvaltning region Hålogaland er det no ei ledig stilling som bustad og kvarterforvaltar med ansvar for Evenes, Ramsund og Bjerkvik.
Stillinga rapporterer til leiar bustad og kvarter.
Stillinga inneber å vere Forsvarsbygg sitt ansikt utad ovanfor gjestar og leigetakarar som bor i ein bustad eller kvarter (hybel). Som bustad og kvarterforvaltar er du ansvarleg for å bygge gode relasjonar til våre gjestar og yte god service. Du er ansvarleg for å handtere og følge opp alle førespurnader frå leigetakarar og gjestar. Du er ansvarleg for utleige av kvarter til gjestar som skal på kurs, øvelsar eller liknande, samt ansvarleg for inngåing av leigekontraktar og oppfølging av leigetakar i heile buperioda. Du skal også foreta ettersyn av bustad- og kvarterporteføljen, slik at kvaliteten ikkje blir forringa.
Arbeidsstad vil vere Evenes eller Ramsund. Det må påreknast noko reiseverksemd og jobbing ved andre lokasjonar i regionen.
Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova -- jamfør særleg offentleglova § 25.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere og drifte resepsjonstenesten til bustad og kvarter, samt handtere og administere kortidsovernatting på kvarter inkludert klargjering av rom, inn-/utsjekk av gjestar, koordinere, planlegge og ha oversikt over kvarterbehov ift. kursaktivitet og øving
- Saksbehandle/utføre administrative oppgåver ifm utleige og forvaltning av bustader og kvarter i samsvar med gjeldande prosedyrar og reglement, herunder inngåing, registrering og oppfølging av leigekontrakt med leigetakar i heile buperioda.
- Ansvarleg for rådgiving, rettleiing, bistand, opplæring og oppfølging av leigetakar ved inn-/utflytting og i buperioden mht. reglement, rutinar, ansvar osv mht. leigeforholdet og bu-eininga
- Foreta synfaringar og føre ettersyn med bustad- og kvarterporteføljen, melde inn feil/manglar/ hærverk og skader, vedlikehaldstiltak, samt behov for utskifting av møbler/ utstyr, samt følge opp at dette blir utført
- Utføre oppgaver mht. økonomioppfølging, herunder lønnstrekk, innbetalingar, fakturering og behandling av oppgjør/avstemming
- Ansvarleg for korrekt bruk av ulike IKT-system, herunder bestillingsverktøy, feilmeldingssystem, leigemodul, kundeoppfølgingsystem osv.
- Bidra i vidareutvikling av ein landsdekkande lik bustad- og kvartertjeneste mht. produkt- og konseptutvikling, service og prosedyrar
- Brannvernkontakt på bustad og og kvarter inkludert opplæring i brannverninstruks for leigetakarar/gjestar og gjennomføring av øvelsar på bustad og kvarter i samarbeid med andre avdelingar
- Kontaktperson mot Forsvaret, borettslag, sameigar, offentlege etatar, Forsvarsbygg sitt servicesenter, og internt i markedsområdet osv. ifm bustadsaker
- Det må også påreknast andre oppgåver som ligg innanfor avdelinga si ansvarsområder
Kvalifikasjonar
- Hotellfagskule eller relevant utdanning på bachelornivå innan hotell/reiseliv/eiendom. Alternativt kan søkar med fagbrev som resepsjonist eller anna relevant fagbrev med lang og relevant erfaring vurderast
- Må ha god kompetanse med bruk av data som arbeidsverktøy
- Erfaring med bruk av VisBook eller tilsvarande systemer for hotellbooking er ein fordel
- Erfaring fra tilsvarande stilling eller kundebehandling er ein fordel
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
- Førarkort kl B
- Kandidaten må kunne bli tryggingsklarert opp til Hemmeleg før tiltredelse
Utdanningsretning
- Reiseliv
- Hotell- og restaurantfag
Utdanningsnivå
- Høgskule/Universitet
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og god på å bygge relasjonar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Tek ansvar og god til å følge opp
- Strukturert, effektiv og tek initiativ
- Takler ein hektisk arbeidskvardag
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn som førstekonsulent (kode 1408) ltr 53 - 57 kr 472 000 til kr 504 700 iht statens lønnsregulativ. Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
- Godt arbeidsmiljø
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Faglege utfordringer og spennande arbeidsoppgåver
- Bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Lena Toft Nilsen, Leiar bustad og kvarter, 909 58 973
Arbeidssted
Evenes flystasjon/Ramsund Orlogsstasjon
8536 Evenes eller Ramsund
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Forsvarsbygg
Referansenr.:4177320401
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2020
Om bedriften
Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.
Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.
<<Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.>>