Næringshagen i Odda søkjer trainee innan marknad og kommunikasjon
Vil du hjelpe gründere, reiseliv, og eit næringsliv i vekst? Kunne du tenke deg å bu i hjartet av Hardanger, der friluftsliv, skikøyring, sider, rikt kulturliv og Trolltunga er ein del av kvardagen? Då må du søkje på denne stillinga!
Ynskja kvalifikasjoner:
- Min. bachelor innan kommunikasjon, marknadsføring, økonomi, prosjektleiing eller anna næringsrelatert område
Me kan tilby:
- Varierte dagar med store utviklingsmuligheter.
- Muligheten til å byggje eit stort nettverk
- Innsikt i viktige samfunnsprosessar
- Godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Personlege eigenskaper:
- Utadvendt og positiv person med stå-på humør
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
- Evne til å opparbeide tillit hos dei du er i kontakt med
Om bedriften
Næringshagen i Odda bistår næringslivet og kommunen med mange spanande oppgåver. Selskapet er eit AS og er eigd hovedsakleg av lokale og offentlege verksemder. Hardanger har eit svært variert næringsliv, med ein verdsleiande industri, samt et reiseliv som opplev ein eksplosiv vekst. Dette gir gode moglegheiter framover. Per dags dato er det 3 tilsette i Næringshagen i Odda, og det er eit godt sosialt miljø i vårt kontorfellesskap. No ynskjer me ein trainee velkommen til oss.