Slagverkspedagog ved Ål kulturskule frå 01.08.2020
Me søker
Frå 1. august er det ledig 20 % fast stilling som slagverkspedagog ved Ål kulturskule.
Ål kulturskule er ein viktig formidlar av kultur til barn og ungdom i Ål kommune. Skulen skal utvikle dei skapande og kreative evnene hjå elevane, gje dei kunnskap og innsikt innafor eige arbeidsfelt og i tillegg ei generell forståing av kunst og kultur. Ål kulturskule har undervisning på Ål kulturhus, og har i dag om lag 330 elevar og 12 lærarar. Skulen tilbyr sang, dans, musikk, kunstfag, kreativ skriving, yoga og teater.
Arbeidsoppgåver
Undervise born og ungdom frå 6 år
- Gjennomføre timar med høg fagleg kvalitet
- Gje elevane den beste opplevinga slik at du byggjer lojalitet og glede
- Gje elevane god service og fagleg input
- Rekruttere nye elevar
Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med høgare kunstfagleg utdanning med slagverk som fordjuping, samt praktisk-pedagogisk utdanning.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Me ynskjer søkjarar som:
- har undervisingserfaring
- er reativ, sjølvstendig, utadvent og har høg gjennomføringsevne
- har evne til å planlegge og gjennomføre ei undervisning som sikrar læringsprogresjon og høg motivasjon for våre elevar
- har særlig god på relasjonsbygging og kan skape entusiasme sjå elevane
- kan reflektere over og forbetre eigen undervisning
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Me tilbyr
- Eit godt og framtidsretta miljø
- Eit tverrfagleg kulturhus
- Fagleg og personleg utvikling
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Gode pensjonsvilkår
Politiattest
Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa som du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Til iintervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom dette ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Om bedriften
Kulturkommunen ligg midt mellom Oslo og Bergen, og er den største av Hallingdals-kommunane med ca 4 800 innbyggarar, og med Bergensbanen og Rv 7 som hovudårer. Flott natur og gode tilhøve for sport og friluftsaktivitetar. Kommunen har eit godt kulturtilbod, eit variert næringsliv, barnehageplass til alle, eit godt utbygd grunnskuletilbod og vidaregåande skule. Ål er fyrst og fremst kjent for sine kulturaktivitetar innan musikk, dans, kunst og ulike festivalar og arrangement. Sentralt i dette er kulturhuset med eit rikhaldig underhaldningsreportoar og kulturtilbod. Ål er også ei levande og aktiv landbruksbygd med frodige og vakre grender.