Hardanger og Voss museum søkjer marknadsførar
Me søkjer marknadsførar i vikariat med moglegheit for fast tilsetjing - 80% stilling frå snarast og fram til 01.11.2022.
Arbeidsoppgåver
- Marknadsførar har ei rådgjevande og koordinerande rolle for arbeidet med marknadsføring i museet.
- Marknadsførar skal fylgje opp fastlagte strategiar for marknadsføring og kommunikasjon.
- Marknadsførar skal utføre operative oppgåver innan marknadsføring og sal.
- Sal og administrasjon av tokt med S/J Mathilde
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan marknadsføring/reiseliv og/eller relevant arbeidserfaring
- Erfaring med Adobe-program som InDesign og Photoshop, samt publiseringsverktøyfor nettside som WordPress, er ein fordel
- Gode språkkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, serviceinnstilling og kommunikasjonsevner
- Sjølvgåande og systematisk
- Miljøbevisst og historiebevisst
- Interesse for museet sine arbeidsfelt
Som tilsett ved Hardanger og Voss Museum er det forventa at marknadsførar aktivt og engasjert bidrar til å ta eit felles og heilskapleg ansvar for utviklinga av funksjonen og museet.
Arbeidsstad vert Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, noko reiseverksemd må påreknast.
Museet tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Løn etter avtale.
Om bedriften
Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum samansett av institusjonane Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museet, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso.
Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og institusjonane har stor tematisk breidde. I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eitt av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunst- og kultursenter og eit nasjonalt fartøyvernsenter.
Museet er regionmuseum for Hardangerkommunane og Voss kommune.