Fysioterapeut – arbeidsretta rehabilitering
Vår profesjon:
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at deltakarar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.
- AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. Kvart team har ansvar for opptil 17 deltakarar.
- Klinikken har og eit kartlegging- og vurderingsteam beståande av lege, arbeidskonsulent, samtaleterapeut og fysioterapeut.
Me ser etter desse kvalifikasjonane:
- Psykomotorisk fysioterapeut eller interesse innanfor fagfeltet psykomotorisk fysioterapi
- Erfaring med komplekse problemstillingar tilknytt helse og arbeid
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
- Kunnskap om faktorar for betydning av funksjon i arbeidslivet
- Evne og lyst til undervising og interesse for prosessarbeid
- God skriftleg framstillingsevne og digitale ferdigheiter
- Norsk autorisasjon
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Erfaring frå og interesse for å jobbe i tverrfagleg team
Arbeidsoppgåver:
- Fysioterapifaglege vurderingar, ulike undersøkingar og funksjonstesting ved behov
- Leie varierte aktivitetar i grupper, særleg ansvar for bevegelsesgrupper basert på psykomotoriske prinsipp
- Undervising og rettleiing av deltakarar i grupper
- Gjennomføring av kartlegging - og vurderingssamtaler
- Bidra med observasjon inn i det tverrfaglege teamet
- Primærkontakt med ansvar for generell rettleiing
- Kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
- Særfagleg oppfylging ved behov
- Henvisingar ved behov
- Arbeid med epikrise for deltakarar
Me tilbyr:
- Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
- Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
- Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe møblert bustad
For meir informasjon, kontakt:
Nestleiar klinikk Siri Mørch tlf. +47 474 63 408, e-post siri.morch@air.no eller
Leiar klinikk Anita Vatnebryn tlf. +47 957 30 942, e-post anita.vatnebryn@air.no
Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet.