Psykiatrisk ambulanse: Psykiatrisk sjukepleiar/ sjukepleiar til 20% fast helgestilling på natt
Org. nr: - Stillingsident: 4110014761 Presentasjon av stillingen:
Kort om Psykiatriambulansen (PA): Tenesta er eit samarbeid mellom ambulanseavdelinga i Akuttmedisinsk avdeling og Psykiatrisk klinikk. Vi har ein ambulanse som er særskilt tilrettelagt. Den er bemanna med ambulansearbeidar frå ambulanseavdelinga og to psykiatriutdanna personar fra Psykiatrisk klinikk.
PA skal primært køyre pasientar som på grunn av psykisk sykdom ikkje kan nytte anna transport. Som ein del av ambulanseflåten vert ambulansen også nytta til andre oppdrag. Tenesta ligg operativt under AMK Bergen.
Vi skal nå utvide til nattskift - natt til laurdag og natt til søndag og har behov for egna personell.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver: Transport av pasientar med psykiatriambulansen.
- Må også pårekne ein del somatiske oppdrag då vi avlastar ambulansetenesta ved behov.
- Sjukepleiarane må kunne fungere som leiar av psykiatriteamet, d.v.s. vere fagleg leiar i bilen og ansvarleg for gjennomføring av psykiatrioppdrag.
- Sjukepleiarane har og opplæringsansvar for andre medarbeidarar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon.
- Vi ønskjer sjukepleiarar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid.
- Erfaring frå arbeid i psykiatrien er eit krav - primært akuttpsykiatri.
- Anna akuttmedisinsk erfaring er òg ein føresetnad.
- Gode kunnskapar om lovverket i helsesektoren, spesielt lovverket om tvungen helsehjelp.
- TERMA/ReBas-kurs i konflikthandtering er eit krav.
- Minimun to års erfaring.
- Grunnleggjande IKT-kompetanse.
- God fysisk og psykisk helse.
Personlege eigenskapar
- Dei som blir tilsette må vere personleg eigna for arbeidet- det omfattar å vere sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst.
- Særleg god kommunikasjons- og relasjonskompetanse.
- Evne til å arbeide i eit lite team og under press.
- Evne til å leie andre og nyttigjere seg medarbeidarane sin kompetanse.
- Evne og vilje til å bruke tid med pasientar og pårørande og til å omgå alle med respekt.
- Vandelsattest er eit krav.
Vi tilbyr
- Opplæring og kurs i regi av ambulanseavdelinga og Divisjon psykisk helsevern.
- Løn etter gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Rettleiing.
- Godt arbeidsmiljø i ei utfordrande teneste.
- Tilsetjing/startdato etter nærare avtale. Oppstart september/oktober. Fast deltid, natt helg, natt til laurdag og natt til søndag. Med atterhald om at det kan bli høve til dagskift laurdag og søndag. Annakvart skift er dag/natt.
- For tida: Rullerande turnus over 8 veker, vakt kvar 4. helg.
Kontaktinformasjon
Jarle Lexau, Seksjonsleiar, 41678003, jarle.lexau@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4110014761
Stillingsprosent: 20%
Søknadsfrist: 12.08.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.